Deep Purple, òg omtalt som Deep Purple III, er det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i juni 1969 på Tetragrammaton Records i USA og i september 1969 på Harvest Records i Storbritannia. Utgivinga vart innleidd med singelen «Emmaretta» og ein lang turné i Storbritannia, som vart utført mellom innspelinga av albumet. Musikken på dette albumet er for det meste original og ein kombinasjon av progressiv rock, hardrock og psykedelisk rock, men med ein hardare kant og med gitarpartia meir framståande enn før. Dette kom både av at gitaristen Ritchie Blackmore voks som låtskrivar og konfliktane internt i bandet om samansmeltinga av klassisk musikk og rock som klaverspelaren Jon Lord hadde foreslått, og som bandet hadde implementert i dei tidlegare utgivingane sine.

Bandet starta den andre USA-turneen sin i april 1969 med lite støtte frå sitt nesten konkursramma amerikanske plateselskap og utan eit album å promotera, på grunn av ei forseinking i produksjonen av den nye LP-en. I løpet av turneen viste Deep Purple ein oppsiktsvekkjande framgang som artistar og ei musikalsk retning som var meir orientert mot eit tyngre og høgare lydbilete enn før. Tvilen om vokalisten Rod Evans var kompatibel med hardrockmusikken som dei andre bandmedlemmene ønskte å satsa på, førte til at ein bestemde seg for å finna ein erstattar, og det vart Ian Gillan frå bandet Episode Six. Gillan hadde danna ein låtskrivarduo med Episode Six-bassisten Roger Glover, som òg vart invitert til Deep Purple for å erstatta Nick Simper. Den nye besetninga til bandet, identifisert som Mark II, debuterte live i London 10. juli 1969.

Dette var det minst kommersielt vellykka av dei tre albuma som vart gitt ut av Mark I-besetninga til bandet, og vart ignorert av kritikarane ved utgivinga. Moderne meldingar er generelt positive, og noterer variasjonen i stilartar på albumet og djervskapen i arrangementa.

Bakgrunn I slutten av 1968 hadde Deep Purple lagt ut på ein vellykka første USA-turné for å promotera sitt andre album The Book of Taliesyn, og vende heim 3. januar 1969.Robinson: s. 4 Bandet vart vurdert som eit undergrunnsband i Storbritannia, men ryktet om suksessen i USA hadde påverka ryktet deira heime, og dei vart gradvis meir populære og etterspurde.Thompson: s. 58 Utgivingane deira hadde likevel enno ikkje slått an i Storbritannia,Popoff: s. 33 der deira andre singel, ein coverversjon av Neil Diamond sin «Kentucky Woman», ikkje hadde nådd hitlistene og vart trekt tilbake etter seks veker, etter å ha nådd 38. plassen på singellista i USA og 21. plassen i Canada.

Det amerikanske plateselskapet til Deep Purple, Tetragrammaton Records, pressa bandet til å laga ein singel som kunne matcha suksessen med hitten «Hush»,Bloom: s. 121 og bandet hadde prøvd å komma denne førespurnaden i møte medan dei framleis var i USA på dei siste konsertane av turneen. Dei spelte inn nokre coverversjonar i eit studio i New York i desember 1968 utan nemneverdig resultat.Thompson: s. 56 Musikarane hadde komme opp med mykje meir komplekst originalmateriale til sitt andre album, og det vart tydelegvis vanskeleg å laga ein låt som passa inn i treminuttarsintervallet.

Nokre dagar etter USA-turneen slo Deep Purple seg ned saman med den vanlege produsenten sin Derek Lawrence i De Lane Lea Studios i Kingsway i London, som dei allereie hadde brukt til innspelinga av The Book of Taliesyn, for å komponera og spela inn nye songar og løysa problemet med den nye singelen. Songen «Emmaretta» (oppkalla etter musikalmedlemmen Emmaretta Marks i Hair, som vokalist Rod Evans hadde møtt i USA) vart komponert for dette formålet og spelt inn 7. januar 1969, etter fire opptak. Den tyngre og meir eksperimentelle låten «The Bird Has Flown» vart arrangert og spelt inn seinare same dag og vart valt som B-sida på den amerikanske utgivinga. Instrumentallåten «Wring That Neck» frå det førre albumet var B-sida på den britiske utgåva av «Emmaretta», som vart gitt ut i februar 1969 og promotert av Deep Purple på deira første fulle turné i Storbritannia. Dette var første gong ei Deep Purple-utgiving vart gitt ut i Storbritannia før USA. Turneen starta i Birmingham den 6. februar med ein konsert som vart send av BBC Radio 1, og heldt fram som ein serie enkeltkonsertar på klubbar og universitet over heile landet i februar og mars. Deep Purple vart meir synleg og deira uttalte interesse for det britiske publikummet fekk lokale musikkblad til å trykkja nokre artiklar om dei. Men etter at klaverspelaren og talsmannen Jon Lord offentleg uttalte at dei ville spela på store arenaer for £2500 per konsert i USA, for så å komma heim og berre kunne booka små spelestader som betalte £150 per kveld, var typiske overskrifter «Purple vil ikkje svelta etter eit ideal» og «Dei taper £2350 kvar kveld dei arbeider i Storbritannia».Robinson: s. 5

Komposisjon og innspeling Mangementet deira organiserte fritida frå Storbritannia-turneen til å spela inn nye låtar til eit tredje album i februar og mars 1969 i De Lane Lea Studios, med Lawrence som produsent og Barry Ainsworth som lydteknikar. Presset frå dei mange engasjementa gav bandet svært lite tid til komposisjon, og dei fleste låtane vart skrivne og innøvde i studio.Popoff: s.36 Deep Purple var det tredje albumet til bandet som vart spelt inn, sjølv om dei hadde vore saman i mindre enn eitt år. Ifølgje Nick Simper: «Innspeling var alltid eit problem. Me hadde alltid for lite materiale, rett og slett på grunn av timeplanen vår. Det faktumet at me alltid vart jaga av Tetragrammaton for å få materiale, gjorde at me aldri hadde den luksusen som dei fleste band har no, nemleg å seia: 'Vent litt, folkens, me treng litt tid til å tenkja på ting og prøva å vera kreative.» Blackmore la til: «Det irriterer meg verkeleg ... å gå i studio og seia: 'Ok, de må laga ein LP, gutar'. Du veit, 'no byrjar me, de må skriva ein låt...' i dag. Det er berre latterleg.»

Musikarane byrja no for alvor å skriva originalmateriale og fann idear til sju låtar, fleire enn på dei to første albuma.Thompson: s. 57 Den musikalske og tekstlege inspirasjonen kom frå svært ulike kjelder. Opningsnummeret «Chasing Shadows» var basert på afrikanske rytmar skapte av trommeslagaren Ian Paice, og teksten var inspirert av eit av mareritta til Jon Lord.Popoff: s. 34 Den barokke «Blind» var skriven av Lord og vart stort sett framført på cembalo. Den korte instrumentalen «Fault Line» var inspirert av eit jordskjelv som bandet hadde opplevd i Los Angeles og der trommemønster til Paice var reversert og dobbeltspora. Roman Polanski-filmen Rosemary's Baby, som bandmedlemmene hadde sett saman på kino, var hovudinspirasjonen til bluesrockaren «Why Didn't Rosemary?» «April» var ein melodi skriven av gitaristen Ritchie Blackmore i samband med bursdagen hans ein månad før innspelinga hadde byrja; han vart seinare utvida med ein lang midtseksjon med klassisk musikk skriven av Lord, og vart eit over 12 minutt langt avslutningsspor på albumet og den lengste studioinnspelinga til Deep Purple nokosinne.Popoff: s. 35 Den einaste coverlåten på albumet er den Donovan-skrivne balladen «Lalena», som hadde vore ein Topp 40-singel for opphavsmannen i USA hausten 1968.

Den første nye songen som vart framført offentleg var «Hey Bop a Re Bop», som vart sendt på radioprogrammet Top Gear 14. januar 1969. Han vart send på nytt 11. februar før han vart omarbeidd og vart til den psykedeliske blueslåten «The Painter».

Sjølv om dei fleste innspelingsdatoane er gått tapt, veit ein at bandet spelte inn to låtar 17. februar. «Lalena» og mesteparten av «April» vart spelt inn 28. februar, medan ein ny versjon av «The Bird Has Flown», med ny tittel «Bird Has Flown», vart lagt på band 28. mars. Orkesterdelen av «April», spelt av innleigde musikarar, var den siste innspelinga til det enno ikkje namngitte albumet, som vart miksa og levert i slutten av mars.

Musikkstil mini|venstre|upright=0.75|Jon Lord var talsmann for Deep Purple og den einaste av bandmedlemmane som managerane deira snakka med. Til liks med det meste av materialet på dei to tidlegare albuma blandar låtane på Deep Purple element av progressiv rock, hardrock og psykedelisk rock, men denne gongen i ein mørkare og meir barokk atmosfære. Kanskje som svar på det britiske publikummet sitt ønske om meir bluesbasert rock, inkorporerte bandet òg ein 12-taktsblues-struktur på låtane «The Painter» og «Why Didn't Rosemary?» «Emmaretta» er ein poprocklåt skriven for å bli ein kommersiell singel, men lyden på albumet er tyngre og meir gitarorientert enn tidlegare verk, til liks med korleis bandet lét live i denne perioden.Robinson: s. 7Bloom: s.123

Lord hadde vore hovudlåtskrivar på dei to første albuma, og bakgrunnen hans frå klassisk musikk og interesse for å smelta saman klassisk og rock hadde hatt stor innverknad på retninga Bandet tok. Blackmore samanlikna den orgeltunge miksen på desse utgivingane med arbeida til det britiske progressivrockbandet The Nice, som hadde Keith Emerson på klaverinstrument.Popoff: s. 28 På Deep Purple hadde Lord framleis stor innverknad, noko som kom maksimalt til uttrykk i den cembalo-prega «Blind» og i den orkestrale delen av «April», eit originalt stykke for kor og strykekvartett som han komponerte sjølv om han var i full gang med å skriva og arrangera Concerto for Group and Orchestra. Lords dominans minka noko på denne utgivinga då Blackmore fekk meir plass til å skriva og spela, og han leverte sine lengste og, ifølgje nokre kritikarar, beste gitarsoloar til dags dato. Kritikarane noterer òg framgangen til Paice som utøvar, spesielt på det «etniske» opningssporet «Chasing Shadows» der han fekk sin første sjanse til å skriva låtar. Bassisten Nick Simper uttalte seinare at «det var mykje press frå Jon Lord om å gjera denne typen semi-klassiske ting [og] me gjorde faktisk ikkje opprør mot det før på det tredje albumet.»

Psykedelisk rock hadde vore ein annan hovudinnverknad på dei to første Deep Purple-albuma, men han var i ferd med å gå av moten; musikarane avslutta utforskinga si av sjangeren på dette albumet med låtar som «The Painter» og «Bird Has Flown», og dedikerte seg heilt til den meir trendy hardrocksjangeren på dei etterfølgjande studioutgivingane.

Omslaget Tetragrammaton gav ut albumet i eit skarpt dobbeltfalsa omslag, omgitt av ein segmentert illustrasjon frå Hieronymus Bosch-måleriet Lystenes hage. Plateselskapet fekk problem med bruken av det Museo del Prado-eigde måleriet, som i USA feilaktig vart oppfatta som antireligiøst og med umoralske scener, og som derfor vart avvist eller dårleg lagerført av mange platebutikkar.Robinson: s. 8 Originalmåleriet er i fargar, sjølv om det dukka opp på LP-en i svart-kvitt på grunn av ein trykkfeil i den opphavlege layouten, og bandet valde å behalda det slik. Ein annan del av det same Bosch-måleriet (i fargar) hadde vorte brukt som albumcover to år tidlegare, av Pearls Before Swine på debuten One Nation Underground.

Utgiving og promotering Tetragrammaton Records hadde berre vore aktive i eitt år, men var på randa av konkurs i USA. Det opphavlege solide økonomiske fundamentet hadde raskt vorte uthola av dyre reklamekampanjar og mislykka kommersielle strategiar.Thompson: s. 31Thompson: s. 59 Deep Purple var den mest suksessrike artisten til plateselskapet, men bandet hadde ikkje klart å produsera endå ein hitsingel som «Hush» og deira siste utgiving «Emmaretta», som kom ut akkurat i tide til deira andre USA-turné i 1969, var stort sett mislykka og fekk ingen innverknad på dei amerikanske hitlistene. Dei økonomiske problema til plateselskapet førte til ei forseinking i utgivinga av Deep Purple, som vart gitt ut i USA først 21. juni 1969, etter at bandet hadde vendt heim etter å ha fullført USA-turneen.