Maduresisk er språket til maduresarane på øya Madura og aust på øya Java i Indonesia; språket vert også tala på dei små øygruppene Kangean-øyane og Sapudi-øyane, så vel som av migrantar til andre delar av Indonesia. Desse omfattar Pasuruan, Surabaja, Malang til Banyuwangi, Masalembu-øyane, til og med av nokre på Kalimantan. Kangean-språket kan vere eit eige språk, men kan òg klassifiserast som ein dialekt av maduresisk. Maduresisk er eit austronesisk språk.

mini|venstre|Eit maduresisk manuskript skrive med javanesisk skrift, Raden Segara frå 1890. mini|Grovinndeling av dei ulike språka på Java og Madura, medrekna maduresisk.

Tradisjonelt har maduresisk vore skrive med javanesiske språkteikn, men i dag er det vanlegast å bruke det latinske alfabetet. Talemålet vert brukt av kringom 10-13 millionar menneske, slik at det er eitt av dei mest utbreidde språka i landet. Talet på brukarar er svakt minkande.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Madurese language» frå , den 2. juni 2012.

Kategori:Einskildspråk Kategori:Malayopolynesiske språk Kategori:Språk i Indonesia