«Black Night» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple, først gjeven ut som singel i juni 1970. Seinare vart songen gjeven ut som bonusspor på 25-årsjubileumsutgåva av albumet In Rock. Songen vart ein hit og nådde andreplassen i Storbritannia, den høgaste plasseringa bandet nokon gong klarte i heimlandet. Det var òg den første singelen deira som vart skriven av bandet.
Skriveprosess og innspeling Då In Rock var ferdig bad EMI om ein singel som dei kunne marknadsføre albumet med. Sjølv om Roger Glover hevdar at Ricky Nelson sit rockearrangement av George Gershwin-klassikaren «Summertime» frå 1962 var grunnlaget for «Black Night», har han òg likskap med Blues Magoos sin psykedeliske hitsong «(We Ain't Got) Nothin' Yet» frå 1966. I BBC-dokumentaren «Heavy Metal Britannia» støttar organisten Jon Lord Glover på dette og sa at «Black Night vart stolen frå basslinja i Ricky Nelsons Summertime» som så spelte basslinja på klaveret sitt.BBC-Heavy Metal Brittania: at the 42:30 timeframe of the programme
Konsertversjonar «Black Night» hamna raskt på setlista til bandet, hovudsakleg som første ekstranummer. Songen vart ikkje spelt i sin heilskap etter at Ian Gillan og Roger Glover forlet bandet i 1973, men delar av han vart ofte spelt av Ritchie Blackmore som ein del av improvisasjonane hans. Under gjenforeininga av Deep Purple i 1984 kom «Black Night» attende til setlista. Det finst mange konsertopptak av songen på forskjellige konsertalbum.
Medverkande Ian Gillan - vokal Ritchie Blackmore - gitar Roger Glover - bass Jon Lord - orgel Ian Paice - trommer
Andre versjonar I 1982 spelte post-punkgruppa The Fall songen som ein del av medley med sin eigen song «Cash 'n' Carry", som finst på 2002-utgåva av Fall in a Hole. Metallica spelte introen under ekstranummera til konsertane sine i 1989. Bruce Dickinson - B-sida til singelen: «Dive, Dive, Dive», spelt inn i 1990. I 1991 spelte Vic Reeves inn songen for I Will Cure You. Bad Manners gjorde ein ska-versjon av songen på albumet Heavy Petting i 1997. CJ Crew spelte inn songen for samleplateserien Dancemania. Ein versjon finst på konsert-DVDen, Castles and Dreams av Blackmore's Night frå 2005. Pat Travers har spelt inn ein versjon av albumet P.T. Power Trio 2 i 2006. Songen vart spelt av det amerikanske death metal-bandet Deicide på albumet The Stench of Redemption, men med omskriven tekst. I 2007 spelte det finske power metal-bandet Twilight Guardians songen for det fjerde og siste albumet deira, Ghost Reborn, som eit bonusspor for den japanske versjonen av plata.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Black Night» frå , den 3. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Deep Purple-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Sveits Kategori:Songar skrivne av Ritchie Blackmore Kategori:Britiske heavy metal-songar Kategori:Songar skrivne av Ian Gillan Kategori:Songar skrivne av Roger Glover Kategori:Songar skrivne av Jon Lord Kategori:Songar skrivne av Ian Paice Kategori:Songar om netter Kategori:Nummer-ein-singlar i Sveits