Harry Potter og fangen fra Azkaban er ein fantasy-film frå 2004. Det er filmatiseringa av boka med same namn av J.K. Rowling, og er regissert av Alfonso Cuarón. Det er den tredje filmen i Harry Potter-serien på åtte. Manuset til filmen er skrive av Steve Kloves og produsert av Chris Columbus, David Heyman og Mark Radcliffe. Filmen handlar om Harry Potter sitt tredje år på Galtvort. Han får høyre at fangen Sirius Svaart har rømt frå trollmannsfengselet Azkaban for å myrde Harry. Daniel Radcliffe spelar Harry Potter, Rupert Grint og Emma Watson spelar Harry sine bestevener Ronny Wiltersen og Hermine Grang. Filmen er oppfølgjaren til Filmen Harry Potter og Mysteriekammeret og forgjengaren til Harry Potter og ildbegeret.
Filmen blei gitt ut den 31. mai 2004 i Storbritannia og den 4. juni i Nord-Amerika. Det er den siste Harry Potter-filmen som blei gitt ut på VHS. Filmen blei nominert til to Oscarar, for orginal filmmusikk og visuelle effektar, på den 77. Oscar-utdelinga i 2005.
Sjølv om Harry Potter og fangen fra Azkaban har tent $796,6 millionar verda over,"Harry Potter and the Prisoner of Azkaban (2004)". Box Office Mojo er han rangert lågast blant dei åtte Potter-filmane.
Handling Sjå òg handlinga i boka. Harry Potter er no ein 13 år gamal gut. Filmen startar i sommarferien etter den andre filmen, der Harry studerer nye trylleformlar i Hekkveien. Onkel Viktor si syster, Maggen, kjem på besøk. Når ho fornærmar foreldra til Harry, får han henne tilfeldigvis til å blåse seg opp og fly vekk. Harry blir sint og truar med å forbanne Viktor, men flyktar, lei av livet sitt i Hekkveien. Då kjem Fnattbussen og leverer Harry til Den lekke heksekjel, der magiministeren Kornelius Bleouf fortel han at han ikkje kjem til å bli arrestert. Etter å ha møtt Ronny og Hermine att, finn Harry ut at Sirius Svaart, ein mordar og tilhengar av Fyrst Voldemort, har rømt frå trollmannsfengselet Azkaban og truleg har tenkt å drepe Harry.
Harry, Ronny og Hermine reiser tilbake til skulen på Galtvortekspressen for å starte tredje år på Galtvort. Dei deler kupé med den nye Forsvar mot svartekunster-læraren, Remus Lupus, som søv. Når toget brått stoppar, kjem desperantar ombord for å leite etter Svaart. Harry uvitar av redsle når ein desperant går inn i hans kupé og trur han høyrer ei kvinne som skrik. Lupus vaknar og stoppar desperanten med ei skytsverje.
På Galtvort opplyser Albus Humlesnurr elevane om at desperantane skal vakte skulen så lenge Svaart er på frifot. Professor Lupus blir introdusert og Gygrid blir annonsert som den nye læraren i Stell av magiske vesen. Lupus sine skuletimar viser seg å vere hyggjelege. Han fokuserer på praksis, ikkje berre teori. Han oppfordrar mindre trygge studentar som Nilus Langballe til å kome fram og stå overfor ein Hambuse. Hambusen tek form av Nilus si verste frykt, professor Slur. Gygrid sin fyrste skuletime går ikkje like bra når Draco Malfang bevisst provoserer ein hippogriff kalla Bukknebb, som deretter går til åtak på han. Draco sin far, Lucius Malfang, får Bukknebb dømt til døden under rettssaka til hippogriffen.
Denne kvelden finn trioen eit publikum utanfor døra til sovesalen. Den trinne dama manglar i portrettet sitt. Ho er i eit anna bilete og fortel Humlesnurr at Svaart har komme inn på slottet. Nask, Lupus og Slur sikrar og leitar på slottet, men finn ingen. Studentane må sove i Storsalen. Her overhøyrer Harry ein krangel mellom Slur og Humlesnurr om Lupus og om han er til å stole på.
Under ein stormfull Rumpeldunk-kamp, kjem fleire desperantar og overmannar Harry, noko som får han til å falle av sopelimen sin, som deretter blir øydelagt av Prylepila. Lupin lærer Harry å forsvare seg mot desperantane ved å bruker ei skytsverje. Ettersom Harry manglar løyve til å besøkje Galtvang, gir Fred og Frank han urkruttkartet, eit magisk kart som viser heile Galtvort, alle som er der, samt hemmelege gangar inn og ut av skolen. I Galtvang høyrer Harry at Bluoef og Madam Rosmerta diskuterer om Svaart. Han følgjer etter dei når han høyrer dei nemne hans namn. Harry finn ut at Svaart er gudfaren hans og var foreldras beste ven. Svaart vart skulda for å avsløre Potter-familien sin hemmelege opphaldsstad til Voldemort og for å myrde venen Peter Pittelpytt ved å sprenge han. Sint lovar Harry å ta hemn over foreldra sine og drepe Svaart.
Då Harry les på urkruttkartet seint om kvelden, oppdagar han Peter Pittelpytt sitt namn på det. Overraska og nysgjerrig forlèt han sovesalen for å finne han. Han følgjer Pittelpytt på kartet, men får ikkje auga på han nokon stad. Han ser i staden Slur på kartet, men klarer ikkje å unngå han. Slur konfiskerer kartet, men overlét det til Lupus som kjem for å ta Harry med til klasserommet sitt. Lupus beheld kartet, men forbyr Harry å vandre rundt slottet medan Svaart er på frifot. Før Harry går, nemner Harry til Lupus at han såg Pittelpytt på kartet, noko som gjer Lupus forbausa.
Etter ein skuletime med clairvoyance, hamnar professor Rummelfiold i transe og spår at den mørke herren sin tenar vil vende tilbake den kvelden. Seinare vitjar Harry, Ronny og Hermine Gygrid og trøystar han grunna avrettinga til Bukknebb. Medan dei er på vitjing finn dei Skorpus, Ronnys forsvunne rotte. Bleouf, Humlesnurr og ein bøddel kjem til Gygrid for å utføre Bukknebbs straff, så dei tre studentane skundar seg vekk for å unngå å bli oppdaga hos Gygrid. Plutseleg bit Skorpus Ronny og rømmer sin veg. Så dukkar ein stor svart hund opp som jagar trioen og dreg både Ron og Skorpus inn i ei hole i Prylepila. Treet går til åtak på Harry og Hermine, men også dei klarer til slutt å gå inn i den underjordiske passasjen som viser seg å føre til Hylehuset.
Der oppdagar trioen at hunden faktisk er Sirius Svaart, som er ein Animagus. Harry går til åtak på Svaart, men Lupus kjem og avvæpnar Harry. Etter å ha utveksla nokre kryptiske ord med Svaart, omfamnar Lupus han som ein gamal ven. Etter at Hermine påstår det, innrømmer Lupus at han er ein varulv, og han og Svaart byrjar å forklare at Svaart er uskyldig. Professor Slur kjem og har til hensikt å overlate Svaart til desperantane, men Harry som er i tvil, slår han ut med ein trylleformel. Lupus og Svaart forklarer at Skorpus faktisk er Petter Pittelpytt, ein Animagus som gjorde lovbrotet som Svaart blei dømt for. mini|Harry sin skytsverje.
Lupus og Svaart får Pittelpytt tilbake til si menneskelege form og førebur seg på å drepe han, men Harry grip inn og seier at faren hans ikkje ville ha ynskt at hans to beste vener skulle bli mordarar. Dei vil heller overgje Petter til desperantane. Når dei kjem ut frå Prylepila for å gå opp til slottet igjen, kjem fullmånen til syne og Lupus blir omskapt til ein varulv. I den stressande situasjonen klarer Pittelpytt å flykte ved å skape seg om til ei rotte igjen. Lupus og Svaart slåst saman som varulv og hund, heilt til Lupus blir distrahert av eit anna dyrs hyl. Desperantane går til åtak på Svaart og Harry. Idet desperantane skal til å suge ut sjela deira og utføre desperantanes kyss, ser Harry ein fjern figur kaste ein kraftig skytsverje som driv desperantane vekk. Harry meiner den mystiske figuren er den daude faren hans.
Harry uvitar av redsle og vaknar opp igjen i sjukestova på Galtvort. Han får høyre at Sirius har blitt fanga. Harry og Hermine får eit råd om å bruke ein tidsvendar av Humlesnurr. Hermine avslører at ho har ein som ho har brukt heile året til å ta fleire fag samtidig. Ho og Harry reiser tre timar tilbake i tid tre, så nattas hendingar blir gjentekne. Dei frigjer Bukknebb og går tilbake til skogen ved Prylepila. Når Lupus forvandlar seg til varulv, viser det seg at det var Hermine (som reiser i tid) sitt hyl som distraherte ulven. Harry og Hermine prøver å rømme frå han ved å springe vidare inn i skogen og idet Lupus skal til å gå til åtak på dei blir dei redda av Bukknebb. Når desperantane overmannar Svaart og Harry Potter frå tidlegare, innser Harry at det var han sjølv som kasta skytsverja. Han skundar seg å gjere det før han og Hermine reddar Svaart opp på Bukknebb. Då er både Svaart og hippogriffen på flukt, men Harry og Sirius kjem til å halde kontakten gjennom brev. Lupin seier opp jobben sin neste dag, vel vitande om at foreldra ikkje vil ha ungane sine undervist av ein varulv. Kort tid etter, sender Svaart anonymt Harry ein Lynkile, den raskaste sopelimen laga nokon gong.
Skodespelarar mini|Regissøren, Alfonso Cuarón. For meir informasjon, sjå Skodespelarar i Harry Potter-filmane.
Rolle Skodespelar Harry Potter, hovudpersonen. Daniel Radcliffe Ronny Wiltersen, bestevenen til Harry. Rupert Grint Hermine Grang, bestevenen til Harry. Emma Watson Sirius Svaart, mordar som har rømt frå Azkaban for å drepe Harry. Gary Oldman Remus Lupus, lærar i Forsvar mot svarekunster på Galtvort. David Thewlis Albus Humlesnurr, rektor på Galtvort. Michael Gambon Severus Slur, lærar i Eliksirar. Alan Rickman Rubeus Gygrid, lærar i Stell av magiske vesen og eigar av Bukknebb. Robbie Coltrane Draco Malfang, elev i Smygard og Harrys fiende. Tom Felton Rakel Rummelfiold, lærar i Clairvoyance. Emma Thompson Minerva McSnurp, lærar i Transfigurasjon og leiar i Griffing-huset. Maggie Smith Gulla Wiltersen, systera til Ronny. Bonnie Wright Petter Pittelpytt, animagus som tidlegare gjekk på skule med Harry sin far og venene hans. Timothy Spall Kornelius Bloef, magiminister. Robert Hardy Produksjon Utvikling Frå og med Fangen fra Azkaban, tok produksjonen av kvar av Harry Potter-filmane atten månader, som produsent David Heyman sa var for «å gje kvar film den tida som trengst».Jensen, Jeff. 28. oktober 2005. "A Look Back" . Entertainment Weekly. Chris Columbus, regissør for dei to førre filmane, bestemte seg for å ikkje kome tilbake og regissere den tredje filmen av di han «ikkje hadde sett [sine] eigne born til middag i veka i ca. to og eit halvt år.»Chris Columbus COS: full interview 13. november 2002, Newsround. Likevel var han produsent saman med Heyman.Dickey, Lucinda The creators of Harry Potter break out of character to discuss The Prisoner of Azkaban 10.oktober 2007, Science Fiction Weekly.Archiveurl Guillermo del Toro ble tilbydt å regissere, men syntest filmen var «så lys og glad og full av lys, at [han] ikkje var interessert».Carroll, Larry. Guillermo Game For Harry Potter 26.oktober 2007, MTV. Marc Forster avslo filmen fordi han etter å ha regissert Finding Neverland ikkje ynskte å jobbe med borneskodespelarar igjen. Warner Bros. laga deretter ei kort liste for Columbus erstatning, som bestod av Callie Khouri, Kenneth Branagh (som spelte Gyldeprinz Gulmedal i Mysteriekammeret) og til slutt Alfonso Cuarón.Susman, Gary. Great Expectations 19. juli 2002, Entertainment Weekly. Cuarón var opphavleg nervøs for akseptere ettersom han ikkje hadde lest nokon av bøkene eller sett filmane. Etter å ha lest serien, ombestemte han seg og skeiv under på å regissere.Alfonso Cuaron: the man behind the magic 24.mai 2004, Newsround. Han seier han hadde umiddelbart kopla seg til historia. J.K. Rowling var nøgd med utnemninga av Cuarón som regissør. Rowling elska filmen hans Y Tu Mama También og var imponert over hans utgåve av A Little Princess.Puig, Claudia. "New Potter movie sneaks in spoilers for upcoming books". USA Today. 27.mai 2004. Heyman fann ut av at «tonalt og stilistisk, passar [Cuarón] perfekt».Jensen, Jeff. "A Look Back" . Entertainment Weekly. 28.oktober 2005.