Concerto for Group and Orchestra er ein concerto komponert av Jon Lord med tekstar av Ian Gillan. Han vart først framført av Deep Purple og Royal Philharmonic Orchestra dirigert av Malcolm Arnold den 24. september 1969 og gjeven ut på vinyl i desember 1969. Utgjevinga var det første Deep Purple-albumet med Ian Gillan på vokal og Roger Glover på bass. Etter at partituret gjekk tapt i 1970, vart det framført på ny i 1999 med eit gjenskapt partitur. 1969-konserten var den første nokon gong som kombinerte rockemusikk og eit fullt orkester.

Musikalsk form Concerto for Group and Orchestra syner nokre av karakteristikkane for concerto grosso, sinfonia concertante og solokonsert for orkester: Første sats (Moderato - Allegro): etter ein utførleg orkesterintroduksjon speler Gruppa og Orkesteret i forskjellige blokker, og prøver å ta dominans over hovudtemaet - denne duellen mellom ei gruppe solistar mot eit orkester er ganske vanleg i «concerto grosso». Andre sats (Andante), med tekst sungen av Ian Gillan: her vert gruppa meir integrert med oreksteret, medan dei likk tydeleg over orkesteret, noko som gjev satsen ei kjensle av sinfonia concertante. Tredje sats (Vivace - Presto): utanom trommesoloen til Ian Paice, er musikken tett knytt saman og gruppa glir i eitt med orkesteret og gruppa vert på eit vis ein del av orkesteret.

Original framføring i Royal Albert Hall i 1969 Framføring Stykket vart først framført og spelt inn den 24. september 1969 i Royal Albert Hall i London, av: Deep Purple Jon Lord: tangentinstrument Ritchie Blackmore: gitar Ian Gillan: vokal Roger Glover: bass Ian Paice: trommer Royal Philharmonic Orchestra, dirigert av Malcolm Arnold

Programmet bestod av: Symfoni nr. 6, Op. 95 (Malcolm Arnold), framført av The Royal Philharmonic Orchestra 1. sats: «Energico» (9:19) 2. sats: «Lento» (8:52) 3. sats: «Con Fuoco» (7:02) «Hush» (Joe South, 4:42), framført av Deep Purple «Wring That Neck» (Ritchie Blackmore, Nick Simper, Jon Lord, Ian Paice, 13:23), framført av Deep Purple «Child in Time» (Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Lord, Paice - 12:06), framført av Deep Purple Concerto for Group and Orchestra (Jon Lord, med tekst av Ian Gillan), framført av Deep Purple med Royal Philharmonic Orchestra 1. sats: «Moderato-Allegro» (19:23) 2. sats: «Andante» (19:11) 3. sats: «Vivace-Presto» (13:09)

Delar av tredje satsen av Conerto vart spelt som ekstranummer.

Utgjevingar Concerto for Group and Orchestra vart først gjeven ut på vinyl i desember 1969 i USA (Tetragrammaton) og i januar 1970 i Storbritannia (Harvest). Desse utgjevingane inneheldt berre «Concerto», der andre satsen er delt i to halvdelar.

Den 4. april 1970 vart Concerto synt på britisk fjernsyn som The Best of Both Worlds.

I 1990-åra kom konserten ut på CD med songane «Wring That Neck» og «Child in Time».

I 2002 gav EMI ut ei spesialutgåve på DVD-A og SACD med Concerto for Group and Orchestra og heile programmet som vart spelt.

I 2003 vart eit videoopptak av konserten gjeven ut på DVD. Fire og eit halvt minutt av første sats manglar derimot i denne videoen.

Framføring i Los Angeles i 1970 Concerto vart framført ein gong til med Los Angeles Philharmonic Orchestra dirigert av Lawrence Foster ved Hollywood Bowl den 25. august 1970, før partituret gjekk tapt.

Framføring i Royal Albert Hall i 1999

Den 25. og 26. september 1999, tretti år etter den første framføringa, vart Concerto framført igjen i Royal Albert Hall. For å gjere dette mogeleg vart eit nytt partitur laga av Marco de Goeij som lytta til innspelinga og såg videoen frå 1969-framføringa for å få det til.

Musikarane var:

Deep Purple: Jon Lord: orgel Steve Morse: gitar Ian Gillan: vokal Roger Glover: bass Ian Paice: trommer Gjestevokalistar: Miller Anderson Sam Brown Ronnie James Dio Steve Morse Band Dave LaRue: bass Rod Morgenstein: trommer The Kick Horn Simon Clarke: alt- og baryton saksofon, fløyte Roddy Lorimer: trompet og valthorn Tim Sanders: tenor og sopransaksofon London Symphony Orchestra, dirigert av Paul Mann

Denne innspelinga av konserten vart gjeven ut som den doble CDen Live at the Royal Albert Hall. Ei nedkorta utgåve av konserten vart òg gjeven ut på DVD, kalla In Concert with the London Symphony Orchestra.

2000-2001 Concerto-turneen Deep Purple la ut på turne med konserten i 2000 og 2001, først i Sør-Amerika med lokale orkester, så i Europa med George Enescu Philharmonic Orchestra, i Japan med New Japan Philharmonic Orchestra, alle dirigert av Paul Mann.

Konserten er sidan vorte framført av fleire andre artistar og orkester.

Medverkande Jon Lord: klaverinstrument Ritchie Blackmore: gitar Ian Gillan: vokal Roger Glover: bass Ian Paice: trommer Royal Philharmonic Orchestra: orkester Malcolm Arnold: dirigent

Salslister Original album (1969) Liste (1969–1970) Plassering Nyframføring (1999) Liste (1999–2000) Plassering Jon Lord si studioutgåve (2012) Liste (2012) Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Concerto for Group and Orchestra» frå , den 5. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Jon Lord si offisielle nettstad 1969-framføringa 1999-framføringa

Kategori:Komposisjonar av Jon Lord Group and Orchestra, Concerto for Kategori:Deep Purple-album Kategori:Album innspelte i Royal Albert Hall Kategori:Konsertalbum frå 1969 Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Harvest Records-album Kategori:Deep Purple-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Tetragrammaton Records-album Kategori:Album produserte av Jon Lord Kategori:Album produserte av Ritchie Blackmore Kategori:Album produserte av Ian Gillan Kategori:Album produserte av Roger Glover Kategori:Album produserte av Ian Paice