Ronnie og Donnie Galyon () var to amerikanske siamesiske tvillingar. Ifylgje Guinness rekordbok frå 2009 var Galyon-brørne dei eldste nolevande siamesiske tvillingane i verda. 29. oktober 2014 blei det dei lengstlevande slike tvillingane nokonsinne då dei passerte rekorden til Giacomo og Giovanni Battista Tocci.
Tvillingane blei fødde 28. oktober 1951 på St. Elizabeth Hospital i Dayton i Ohio. Foreldra, Wesley og Eileen Galyon, visste ikkje at dei venta tvillingar. Brørne var samanvaksne frå brystbeinet til skrittet, og hadde felles indre organ. Etter to år ved sjukehuset kom ein fram til at dei ikkje kunne skiljast kirurgisk. Dei fekk ikkje oppleve ein normal skulegang, og blei aldri heilt lesekunnige.
Foreldra hadde ni barn å forsørga, og far deira tok den vanskelege avgjerda å stille dei ut på ein «sideshow»-attraksjon. Dei blei viste fram i USA og Latin-Amerika. Gutane vart kjendisar gjennom denne bransjen, og familien fekk høge inntekter.
I 1991, etter tre tiår i underhaldningsbransjen, trekte tvillingane seg tilbake. Dei flytta for seg sjølv for første gong i heimbyen Dayton, der dei levde eit relativt normalt liv, takka vere ein spesialbygd dobbel rullestol. Sjølv om dei ikkje dreiv med oppvisingar meir, opptredde dei fleire gonger på fjernsyn – på The Jerry Springer Show i 1997, i ein dokumentar på Discovery Channel i 1998 og på ein dokumentar på Channel 5 Storbritannia i 2009.
I 2009 fekk Ronnie ein lungeinfeksjon som var livstrugande for begge brørne. Etter eit sjukehusopphald trengte dei begge hjelp heile døgnet. Den yngre broren deira Jim og kona hans Mary, som budde i same by, kunne ikkje husa dei ettersom huset deira ikkje hadde universell utforming. Lokale gåver og innsamlingar bidrog til at dei kunne byggja eit spesialtilpassa tilbygg. 22. desember 2010 viste TLC The World's Oldest Conjoined Twins Move Home om utviklinga.
Ronnie og Donnie Galyon døydde av hjartesvikt på eit hospits i Dayton den 4. juli 2020, omgjevne av familien.
Kjelder
Kategori:Siamesiske tvillingar Kategori:Funksjonshemma personar kategori:Folk frå Ohio