Rabarbra (vitskapeleg namn Rheum rhabarbarum) er ein gamal, hardfør, mat- og medisinplante (staude) som opphavleg kjem frå dei nordlege og sentrale delane av Asia. Planten kom til Noreg på 1700-talet.

mini|venstre|Rabarbrastilkar. Rabarbra kan nyttast til suppe, graut, i bakverk og som syltetøy. Ein kan også eta rabarbastilkar rå, då gjerne med sukker på for å søta smaken, eller i småbitar i salat.

Rabarbra inneheld mykje garvestoff. I store mengder kan han også verke som avføringsmiddel. Det er også viktig å merke seg at store inntak av rabarbra kan føre til auka risiko for nyrestein. Mjølk kan forhindre dette til ei viss grad. Blada er særs giftige fordi dei inneheld store dosar oksalsyre. Det har skjedd dødsfall i tilfelle der blad har vore brukte i salat.

Utvalde typar rabarbra Early sunrise Elmsblitz Elmsfeuer Marshalls Early Red Prince Albert Rosenhagen Spangsberg Valentine Victoria

Bakgrunnsstoff

Stor variasjon i norsk rabarbra

Kjelder

Kategori:Frukt

Kategori:Stauder