Starless and Bible Black er eit album av det britiske progrockabandet King Crimson frå 1974. Dei fleste songane på albumet er satiriske og kommentarar om latskap og materialisme i samfunnet. Eit unntak er «The Night Watch».
Bakgrunn Sjølv om det ikkje finst trommer på «Trio», så vart trommeslagaren Bill Bruford rekna som ein av låtskrivarane fordi stykket vart improvisert på ein konsert og at resten av bandet såg på det som ei viktig avgjersle at han valde å ikkje spele noko.
Plateomslaget er måla av Tom Phillips.
Fleire songar på albumet var konsertopptak med lyden av publikum fjerna. Dei einaste songane som er spelte inn berre i studio er dei første to spora, «The Great Deceiver» og «Lament». «We'll Let You Know» var eit improvisasjonsstykke spelt inn i Glasgow. «The Mincer» var eit anna improvisert stykke, spelt inn i Zürich før Wetton sidan song inn vokalen i studio. «Trio», «Fracture» og «Starless and Bible Black» vart spelte inn i Concertgebouw i Amsterdam, og det same var introduksjonen til «The Night Watch» (resten vart spelt inn i studio). Heile Amsterdam-konserten vart i 1997 gjeven ut som The Night Watch.
Tekstane vart skrivne av den tidlegare Supertramp-gitaristen Richard Palmer-James (som forlet bandet etter det første albumet deira). Berre fire spor på albumet har tekst. «The Great Deceiver» refererer til djevelen og ein ironisk kommentar om kommersialisme. Teksten på denne vart skriven i lag med Fripp.Interview with Richard Palmer-James in Tylko Rock, Elephant Talk.
Innhald
40-årsjubileumsutgåva
Medverkande
King Crimson Robert Fripp – gitar, Mellotron, apparat, Hohner pianet, produsent John Wetton – bass, vokal, produsent Bill Bruford – trommer, perkusjon, produsent David Cross – fiolin, bratsj, Mellotron, Hohner pianet, produsent
Andre medverkande George Chkiantz – lydteknikar Peter Henderson – assisterande lydteknikar Richard Palmer-James – tekstar Tom Phillips – design
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Starless and Bible Black» frå , den 13. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:King Crimson-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Island Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:E.G. Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Eksperimentelle rockealbum