Tolhuin er ein by i provinsen Tierra del Fuego, heilt sør i Argentina. Byen ligg sør på Storøya i Eldlandet, ved austbreidda av Fagnano-sjøen. I 2022 hadde Tolhuin 9879 innbyggjarar, og han er med det den tredje største byen i provinsen, etter Ushuaia og Río Grande.

Tolhuin er ein ganske nyoppretta by som vart offisielt grunnlagd i 1972. Bynamnet er eit ord frå språket til selk'nam-folket og tyder ‘som eit hjarte’. Nasjonalveg nummer 3 i Argentina skjer gjennom byen, og Tolhuin er einaste stoppestad mellom Ushuaia (10 mil sørover) og Rio Grande (13 mil nordover). Ein kjend attraksjon i byen er bakeriet Panaderia La Unión, der veggane er dekorerte med underskrivne fotografi av argentinske kjendisar som har vitja byen gjennom tidene. Dei fleste bussar som går til Ushuaia stoppar her så passasjerane kan få seg kaffi og ein matbit.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tolhuin» frå , den 17. oktober 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Eldlandet Kategori:Byar i Argentina Kategori:Busetnader grunnlagde i 1972