Región de Magallanes y de Antártica Chilena er den sørlegaste av dei seksten regionane i Chile.

Geografi Regionen strekkjer seg sørover frå det sørlege Fastlands-Chile, dekkjer heile den chilenske delen av Eldlandet i tillegg til Chilensk Antarktis, det chilenske kravområdet på kontinentet. Han er delt inn i fire provinsar: Última Esperanza, Magallanes, Tierra del Fuego og Antártica Chilena.

Regionen har det nest lågaste folketalet av alle regionane i Chile, men har det største flatemålet. Chilensk Antarktis er då ikkje inkludert.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Magallanes and Antártica Chilena Region» frå , den 13. juni 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Chilensk Antarktis Kategori:Eldlandet Kategori:Regionar i Chile