Andrea Pirlo () er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Brescia. I august 2020 vart han trenar for A-laget til Juventus.

Frå sommaren 2011 spela han for den den italienske klubben Juventus, men er best kjend for sine mange sesongar i AC Milan. Pirlo var med på Italias landslag som vann verdsmeisterskapen i fotball 2006. Med Milan vann han to seriemeisterskap og to Meisterliga-titlar. For Juventus vart han seriemeister i 2012.

Aktiv Pirlo debuterte for Brescia i 1994 og spela for klubben i hembyen til 1998. Mellom 1998 og 2001 spela han for Inter, Reggina og Brescia, dei to siste klubbane på utlån. Frå 2001 spela han ti sesongar for AC Milan. Her var han med å vinne Meisterliagen i 2003 og 2007, og Serie A i 2004 og 2011. Sommaren 2011 gjekk han til Juventus og vart serievinnar allereie i sin fyrste sesong i klubben.

Pirlo fekk sin debut på Italia sitt landslag i 2002. Han var med i EM 2004, same sommaren var han med på laget som tok bronse under OL 2004 i Athen. Under VM-finalen 2006 spela han ei dominerande rolle på midtbana då Italia vart verdsmeistrar etter å ha vunne straffetevlinga i 1-1 i kampen mot Frankrike, og vart kåra til den beste spelaren i kampen. Gjennom Fotball-EM 2012 var han den viktigaste spelaren for eit italiensk landslag som nådde finalen i meisterskapen.

Bakgrunnsstoff

Profil ved legaseriea.it Profil ved FIGC Profil ved Italia1910.com

Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Brescia-spelarar Kategori:Reggina-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014