Mount Kosciuszko er eit 2 228 meter over havet høgt fjell i delstaten New South Wales i Australia. Fjellet er det høgste på det australske fastlandet.

mini|venstre|Mount Kosciuszko med snødekke

Fjellet er kalla opp etter den polske nasjonalhelten Tadeusz Kościuszko. I 1840 føretok den polske oppdagingsreisande Paweł Edmund Strzelecki den fyrste kjende turen til topps på fjellet, og gav i det høvet fjellet namn. Den australske uttalen [], skil seg ein del frå den polske uttalen [].

Bakgrunnsstoff

Peakware - World Mountain Encyclopaedia foto mt kosciuszko Mt Kosciuszko Inc. Perth - Australia

Kategori:Fjell i Australia Kategori:Høgaste punkt