Karptjärn er eit lite vatn (ca. 100 meter langt og 50 m breitt) i området Tyresö Strand i den austre delen av Tyresö kommun i landskapet Södermanland i Sverige. Karptjärn vert drenert mot Kalvfjärden.

Gjennomstrøyminga i innsjøen er låg, og største målte djupne er 1,8 meter. Innsjøen er sterkt påverka av avløp frå eigedomar i nærleiken av innsjøen. Verdiane av nitrogen i vatnet er særs høg, medan verdiane av fosfor er middels høge. I innsjøen lever det igler, både blod- og hesteigler, som ein trur er sett ut den tida då apoteka i Stockholm sette ut og hausta inn igler som vart gjeve for ulike formål. I tjernet finst det ein art av kransalgar. Karptjärn huser store mengder rumpetroll om våren.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karptjärn» frå , den 16. juni 2012.

Kategori:Innsjøar i Södermanland