Tåkern er ein innsjø i Östergötlands län i Sverige. Han vert rekna som ein av dei viktigaste fuglevatna i Europa. Han er 12 km lang og 8 km brei med ei gjennomsnittleg djupne på berre 0,8 meter. Innsjøen ligg kring 20 km vest for Mjölby, og grensar i vest til Omberg. Heile innsjøen og dei omliggande breiddene har vore eit naturreservat sidan 1975. Frå april til slutten av juli er området strengd for publikum, utanom somme vitjingsområde og stiar.

Tåkern er ein del av Ramsar-konvensjonen, ein internasjonal konvensjon for vern av viktig våtmarksområde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tåkern» frå , den 17. juni 2012.

Kategori:Innsjøar i Östergötland Kategori:Ramsarstader i Sverige