Nasafjellet (svensk Nasafjället, nordsamisk Násávárre) er eit 1211 meter høgt fjell som ligg på grensa mellom Sverige og Noreg. Det ligg nær Arjeplog kommun vest i Norrbottens län i Sverige og nær Dunderland i kommunen Rana i Nordland. Det står eit merke på toppen av fjellet som syner grensa mellom dei to landa. Fjellet er best kjend for Nasa sølvgruve. Gruveområdet har fleire gamle dagbrot, nokre ruinar og ein gravplass. Det står òg nokre restaurerte gruvehus frå 1889 på fjellet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nasa Mountain» frå , den 18. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell i Lappland i Sverige Kategori:Fjell i Nordland Kategori:Den norsk-svenske riksgrensa Kategori:Geografi i Rana Kategori:Internasjonale fjell i Europa