Ljusnan er ei elv i Midt-Sverige. Ho er 443 kilometer lang med eit nedslagsfelt på 19 828 km². Middelvassføringa er 230 m³/s.

Elva spring ut i Ljusnetjärnen (1 149 moh) på sørsida av fjellet Haftorstöten ved riksgrensa, nordaust for Aursunden i Noreg. Elva mottar fleire sideelvar og renn gjennom Härjedalen og Hälsingland i ei hovudsakleg søraustleg retning. Ho munnar ut i Bottenhavet ved byen Ljusne. Dei største sideelvane er Voxnan, Veman og Härjån.

Ljusnan er sterk utbygd til produksjon av vasskraft, og det ligg i alt 18 kraftverk langs elva og sideelvane hennar, med ein samla produksjon i 2001 på 4,5 TWh. Ljusnan var tidlegare òg ei viktig fløytingselv.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ljusnan» frå , den 19. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elvar i Sverige Kategori:Gävleborgs län Kategori:Jämtlands län