Hornulke (Myoxocephalus quadricornis, l. Triglopsis quadricornis) er ein fiskeart i ulkefamilien.

Leveområde Hornulke finst i arktiske kyststrok og indre delar av Austersjøen. I tillegg finst det nokre isolerte bestandar i ferskvatn i Noreg, Sverige, Finland, Russland og Nord-Amerika. I Noreg er fisken påvist i to innsjøar: Mjøsa og Store Le. Ein reknar med at den flekkvise utbreiinga av arten i ferskvatn kjem av at dei levde i israndsjøar under siste istid.

Skildring

Hornulke har eit breitt og flatt hovud, med fleire piggar på gjellelokka. Individ som lever i ferskvatn manglar dei fire framtredande beinknutane på hovudet. Dei største individa blir opptil 60 cm.

Kjelder Myoxocephalus quadricornis ved artsportalen.no

Denne artikkelen bygger på «Hornulke» frå , den 21. juni 2012.

Bakgrunnsstoff FishBase: Myoxocephalus quadricornis

Kategori:Ulkefisk