Pu'er (kinesisk: 普洱; pinyin: Pǔ'ěr) er eit byprefektur sørvest i provinsen Yunnan i Folkerepublikken Kina. Prefekturet grensar i vest til Myanmar og heilt i søraust til Laos. Pu'er har eit areal på 45 385 km² og eit folketal på om lag 2,36 millionar.
Geografi Byprefekturet Pu'er omfattar eitt distrikt (区 qū) og ni autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).
Historie Mellom 1950 og 2007 heitte byprefekturet for Simao.
Næring Pu'er-te, ein av best kjende tesortane frå Kina, kjem frå fylket Ning'er i byprefekturet.
Samferdsle Riksveg 213 i Kina går gjennom området. Han tek til i Lanzhou i Gansu og fører via Chengdu og Kunming til byen Mohan ved grenseovergangen til Laos. Også Kinas riksveg 323 leier gjennom området. Han byrjar i Ruijin i provinsen Jiangxi og fører gjennom Guangdong og Guangxi og endar opp i Lincang i Yunnan, på grensa mot Myanmar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pu'er» frå , den 25. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byprefektur i Yunnan