Bjurholm kommune ligg i det svenske länet Västerbottens län i landskapet Ångermanland i landsdelen Norrland. Kommunen har grensar til nabokommunane Nordmaling, Vännäs, Vindeln, Lycksele og Åsele i Västerbottens län og til Örnsköldsvik i Västernorrlands län. Administrasjonssenter i kommunen er Bjurholm.
Bjurholm er den minste kommunen i Sverige målt i folketal.Statistiska centralbyrån - Folkmängd i riket, län och kommuner efter kön och ålder 31 december 2009
mini|venstre|Balberget i Bjurholm kommune mini|venstre|Bjurholm kyrkje
Historie Bjurholm sokn braut i 1808 ut frå Nordmaling sogn. Då kommunalforordninga av 1862 tredde i kraft vart soknet ein landskommun. Municipalsamhället Bjurholm vart etablert i 1934 og oppløyst i 1962. I 1974 vart Bjurholm kommune innlemma i Vännäs kommune, men av ulike årsaker vart Bjurholm igjen skilt ut som eigen kommune igjen i 1983.
Kommunekommunevåpen Blasonering: I eit blått felt, ein bølgjete bjelke av gull, med ein gåande svart bever med tunge, tenner og raude klør.Heraldik.se – Bjurholm
På eit soknsegl frå 1800-talet fann ein ein bever, som vart lagt til grunn for kommunevåpenskjoldet, som vart teken i bruk i 1951. Ordet bjur tyder òg bever. Våpenet vart teken ut av bruk då Bjurholm kommune vart teken opp i Vännäs kommune i 1974, men vart teken i bruk igjen etter oppdelinga i 1983.
Tettstader Bjurholm kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# Tettstad Innbyggjarar 1. Bjurholm 987
Det er tre mindre tettstader i Bjurholm kommune:Statistiska centralbyrån
Nr Tettstad Folkemengd 1 Agnäs 134 2 Balsjö 84 3 Karlsbäck 53
Venskapsbyar Bjurholm kommune har to vennskapsbyer:
Bardu, Noreg Kuivaniemi, Finland
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bjurholm kommune» frå , den 27. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside
Kategori:Kommunar i Västerbottens län