Borensberg er ein svensk tettstad i Motala kommun i Östergötlands län i Östergötland. I 2005 hadde tettstaden 2 712 innbyggjarar.

Borensberg ligg cirka 15 kilometer aust for Motala ved Göta kanal, nær innsjøen Boren. Borensberg er ein industristad der det mellom anna blir produsert plastprodukt. Eit eldre namn på Borensberg er Husbyfjöl.

Både Motala ström og Göta kanal går gjennom staden og begge munnar ut i innsjøen Boren, som Borensberg ligg ved. I Borensberg låg Sveriges Urmakareförbunds Skola der ein utdanna urmakerar. No er skulen seld og ombygd til leilegheiter.

I 2007 feiret Borensberg 700-årsjubileum.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Borensberg» frå , den 30. juni 2012.

Bakgrunnsstoff Borensberg 700 år

Kategori:Motala kommun Kategori:tettstader i Östergötlands län