Sandnessjøen lufthamn, Stokka er ei sivil, regional lufthamn i Alstahaug kommune i Nordland fylke.
Lufthamna ligg på Stokka, om lag 11,0 kilometer sørvest for Sandnessjøen, og er eigd og driven av Avinor AS. Flyselskapet Widerøe flyr til og frå Stokka med flytypen De Havilland Dash 8-103. I tillegg transporterer Luftambulansen trengjande til og frå regionen. Lufthamna vart opna i 1968.
Ved rullebanen på Stokka er det råd om å lande i to retningar. Ved RWY03 kan det landast frå sør-sørvest mot nord-nordaust, medan det ved RWY21 kan landast frå nord-nordaust mot sør-sørvest. Tala i RWY03 og RWY21 er tal som oppgjev den magnetiske retninga til banen på eit 360-graders kompass runda av til næraste 10 heile grader. Rullebanen er 1086 meter lang og 30 meter brei.Side 4 – Internet Pilot Planning Center – henta 5. mai 2012 Hausten 2006 vart nye tryggingssoner rundt rullebanen ferdige.Helgeland Arbeiderblad – Skjerpet sikkerhet for 26,6 millioner – henta 6. mai 2012 __NOTOC__ Flyselskap og destinasjonar
Innland
Flyselskap DestinasjonarWiderøeWF.no: RutekartBodø, Brønnøysund, Mo i Rana, Mosjøen, Oslo, Trondheim
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sandnessjøen lufthavn, Stokka» frå , den 1. juli 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Avinor om Sandnessjøen lufthamn, Stokka
Kategori:Flyplassar i Nordland Kategori:Samferdsle i Alstahaug Kategori:Byggverk i Alstahaug Kategori:Skipingar i 1968