mini|Edefors kyrka ligg i Harads Harads er ein tettstad i Bodens kommun i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 558 innbyggjarar. Staden ligg på nordre side av Luleelva om lag 45 km nordvest for Boden langs Riksväg 97 mellom Luleå og Jokkmokk. Harads er sentrum for fleire småstader i Edefors församling og her finst Edefors kyrkje så vel som bibliotek, apotek, butikkar, verkstader og ein campingplass. Her ligg òg Kläppgårdens bygdegårds- och hembygdsmuseum og like utanfor sentrum finn vi utsiktspunktet «Utsiktsklippan» med utsikt over elvdalen.

Harads innehar varmerekorden i Norrland; 36,9 grader blei registrert den 17. juli 1945.http://www.smhi.se/content/1/c6/01/84/66/attatchments/s10_okt07.pdf

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Harads» frå , den 2. juli 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Bodens kommun Kategori:tettstader i Norrbottens län