Rimbo er ein svensk tettstad i Norrtälje kommun i Stockholms län i landskapet Uppland. I 2005 hadde tettstaden 4 606 innbyggjarar. Rimbo ligg mellom innsjøane Syningen og Långsjön, cirka 20 kilometer vest for byen Norrtälje.

Her opna jernbane mellom Uppsala og Norrtälje i 1884, og tettstaden Rimbo grodde då fram som den sentrale handelsstaden langs jernbanen. Staden var eige kommunesenter 1914–1957, men vart mindre viktig då jernbanelinjene til Norrtälje og Stockholm blei nedlagt høvesvis på 1960-talet og sist i 1981. Rimbo har framleis noko industri.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rimbo» frå , den 7. juli 2012.

Kategori:Norrtälje kommun Kategori:Tettstader i Stockholms län