Vicente del Bosque Gonzales, marki av del Bosque, () er ein spansk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. For tida er han landslagstrenar for det spanske herrelandslaget i fotball, noko han har hatt svært stor suksess med.
Som fotballspelar spelte del Bosque for Real Madrid, Plus Ultra, CD Castellón og Córdoba CF i tillegg til å spela atten kampar for det spanske landslaget. Han la opp som profesjonell spelar i 1984.
I 1987 tok han over som fotballtrenar i Real Madrid, ei stilling han hadde i fleire periodar fram til 2003. I 2008 tok han over som landslagstrenar etter Luis Aragonés. Aragonés gjekk av etter å ha gjort laget til europameistrar i EM i fotball 2008. Med del Bosque som trenar gjekk det spanske landslaget vidare til å bli verdsmeistrar under VM i fotball 2010 og europameistrar for andre gong på rad under EM i fotball 2012. Meritar Spansk seriemeister: 1975, 1976, 1978, 1980 og 1981 med Real Madrid Spansk cupmeister: 1974, 1975, 1981 og 1982 med Real Madrid Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vicente del Bosque» frå , den 11. juli 2012.
kategori:Spanske fotballspelarar kategori:Spanske fotballtrenarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980