Spheniscus er ei biologisk slekt av fire pingvinartar. Felles karakteristiske trekk inkluderer eit svart band som går rundt den kvite undersida langs kanten mot den mørke ryggsida, eit mørkt nebb, og eit kvitt band bak og rundt øyreområdet som kan teikne ein brillefigur. Det siste er framtredande hos kappingvin som tidlegarer blei kalla 'brillepingvin' på norsk.brillepingvin. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/brillepingvin 14. juli 2012 Alle medlemmer av denne slekta legg egga sine i hòler. __NOTOC__ Tre av artane lever i temperert klima som Sør-Afrika og langs kysten av Peru, Chile, Falklandsøyane og sørlege kysten av Argentina, medan ein er endemisk for Galápagosøyane, og er den nordlegaste av alle pingvinartar.

Artsliste Spheniscus-pingvinar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Kappingvin, Spheniscus demersus Humboldtpingvin, Spheniscus humboldti Galapagospingvin, Spheniscus mendiculus Magellanpingvin, Spheniscus magellanicus

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Banded penguin» frå , den 14. juli 2012

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pingvinar Kategori:Fugleslekter