mini|høgre|Taklamakanørken.
Taklamakan er ein ørken i Sentral-Asia, som for det meste ligg i den autonome regionen Xinjiang i Kina. Han ligg i det ovalforma Tarimbekkenet og strekkjer seg frå Pamirfjella i vest til den tidlegare (no opptørka) innsjøen Lop Nur i aust, frå Tian Shan i nord til Kunlunfjella på grensa til Tibet i sør. Utstrekning i aust-vestleg retning er om lag 1000 km og i nord-sørleg retning rundt 500 km. Arealet er på rundt 337 000 km², noko som gjer han litt mindre enn Tyskland. Taklimakan vert rekna som den 15. største ørkenen på jorda. Dei fleste kinesiske atomvåpentestane vart utførte i Taklamakanørkenen.
Geologi Tarimbekkenet er eit endorheisk nedslagsfelt og det lågaste punktet, Aydingkol i Turpan-senkinga, ligg 154 meter under havflata. Som i andre ørkenar fører vinden saman sanddyner med ei høgd på opp til 100 m, nokre er heilt opp til 300 m høge.ZDF-Dokumentation: Dokumentation von Bernd Liebner und Cheng Wie, 2002 (mit Filmaufnahmen des Kameramannes Paul Lieberenz von der Chinesisch-Schwedischen Expedition). Auch als DVD: Verlag Komplett-Media, ISBN 978-3-8312-8811-3.
Klima mini|høgre|Tarimbekkenet.
Klimaet er kontinentalt, med lite nedbør, frå 10 og 60 mm i året. Området er difor svært tørt og mange tidlegare elver har tørka opp. Men det fell snø i fjella rundt Tarimbekkenet og når snøen smeltar om våren vert elvane tilført vatn. Mange elvar forsvinn i ørkensanden, men somme, som den 1300 km lange Tarimelva, fører vatn heilt til Taitemasjøen i aust, der ho forsvinn. Khotan er ei anna elv som framleis har noko vassføring når snøen smeltar. Det er fleire uttørka elveleie i området. I oasane veks det poppel og ymse buskvekstar og det vert dyrka frukt og grønsaker i frodige hagar.
Folkesetnad Rundt kanten på ørkenen ligg det fleire oasar, både i nord og sør og fleire av desse er mellomstore byar. Til for nokre tiår sidan var dei fleste innbyggarane uighurar, men i nyare tid har mange han-kinesarar flytta inn i området, noko som har ført til fleire uighuropprør. Tidlegare budde tokharane (som tala eit indo-europeisk språk) i dette området, men dei vart fortrengt av tyrkiskspråklege uigurarane for snart 1000 år sidan.
Silkevegen mini|høgre|Alternative ruter forbi Taklamakan på den nordlege Silkevegen.
Den nordlege silkevegen gjekk gjennom dette området og noko forskjellige ruter vart nytta for å koma rundt Taklamakan. Ei rute gjekk nord for Tian Shan-fjella, ei anna gjekk langs den nordlege kanten av ørkenen, austover frå Kashgar, via Aksu, Kucha, Turfan og Hami. Eit alternativ var å ta av ved Korla, Lulan og Dunhuang, i staden for Turfan og Hami. Ei anna rute gjekk langs den sørlege kanten av ørkenen: Kashgar, Yarkant, Khotan, Yutian, Qargan og Dunhuang.
Merknadar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ørkenar Kategori:Kinesisk geografi