Three of a Perfect Pair er det tiande studioalbumet til King Crimson. Det kom ut i mars 1984 på plateselskapet E.G..

Bakgrunn Albumet enda 80-talsperioden til bandet og er ei blanding av den eksperimentelle stilen på albuma Discipline og Beat. Robert Fripp og Adrian Belew tok meir kontroll over stilen enn på dei to førre albuma. Albumet er delt inn i ei «venstre» og ei «høgre» side, med ei tredje side lagt til som bonusspor i 2001. Med denne delinga dominerte Belew den eine sida, medan Fripp dominerte den andre. Tittelen syner til at det er «tre sider til alle soger», «han, ho og dei».

I 2001 vart det lagt til seks nye bonusspor.

Utgjeving og mottaking

Three of a Perfect Pair vart utgjeve 27. mars 1984 og nådde 30. plassen på UK Albums Chart

Trouser Press skildra det som «eit særs springande album frå eit band som var stolt av å forsiktig setje saman motsetningar. Den venstre sida har fire dårlegare songar av Adrian Belew og ein sjølvavleiande instrumental. Den andre sida er nesten berre instrumentalar, nesten friform, nesten glimrande. Tilsynelatande er den Frippressive «disiplinen» som skapte den kritikarroste pop/kunsten på dei to førre Crimson-albuma ikkje ein permanent tilstand.»

Ein ny 5.1-kringlyd-miks av Steven Wilson og Robert Fripp kom ut i oktober 2016 for 40-årsjubileumsserien deira.

Innhald

40-årsjubileumsutgåva frå 2016

Medverkande King Crimson Adrian Belew – gitar med og utan band, solovokal Robert Fripp – gitar, frippertronics Tony Levin – bass, stick, synthesizer, korvokal Bill Bruford – trommer

Teknisk Brad Davis - lydteknikar Tony Arnold (Arny's Shack) - medlydteknikar på «Industry» og «Dig Me» Nick James, Ray Niznik, Peter Hefter - assisterande lydteknikarar Tex Read - sosiale tenester Peter Willis (Trevall Mill Studio) - symbol design Timothy Eames - plateomslag

Salslister Album ÅrListePlassering1984Billboard 20058

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Three of a Perfect Pair» frå , den 16. juli 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekstar

Kategori:King Crimson-album Kategori:Musikkalbum frå 1984 Kategori:E.G. Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Engelske new wave-album