mini|Serien sin logo på engelsk.

Dødslekene er ein science fiction"Mockingjay proves the Hunger Games is must-read literature". io9. 26 august 2010. dystopisk eventyrtrilogi skriven av den amerikanske forfattaren Suzanne Collins. Den fyrste boka heiter Dødslekene (The Hunger Games) frå 2008, den andre Opp i flammer (Catching Fire) frå 2009 og den tredje Fugl Føniks (Mockingjay) frå 2010. Struktur Kvar bok i trilogien er delt inn i tre delar med ni kapittel kvar. Collins seier at ho skriv på denne måten grunna bakgrunnen sin som manusforfattar, der ho lærte å skrive i tre akter. Forfattaren sin førre serie, The Underland Chronicles, blei skriven på same måten. Collins er «veldig komfortabel» med denne strukturen. Ho ser på kvar gruppe med ni kapittel som ein eigen del av historia, og seier at ho kallar desse oppbrytingane «aktpausar.» Handling mini|Kart over Panem. Bakgrunn Dødslekene-trilogien finn stad i ein uidentifisert framtidig tidsperiode etter øydelegginga av dagens nasjonar i Nord-Amerika, i ein nasjon kjend som "Panem". Panem består av ein enormt rik hovudstad, Capitol, som ligg i Rocky Mountains, og tolv (tidlegare tretten) fattige distrikt rundt. Capitol er overdådig rikt og teknologisk futuristisk, men dei tolv distrikta er i varierande tilstander av fattigdom - trilogien sin forteljar og hovudperson, Katniss Everdeen, bur i det fattigaste, distrikt 12, tidlegare Appalachia, der mange døyr av svolt. Generasjonar tidlegare gjorde distrikta opprør mot Capitol, då tolv av distrikta blei slått ned av Capitol og det trettande vart øydelagt. Som straff må det kvart år loddtrekkjast éin gut og éi jente mellom tolv og atten år frå kvart av dei tolv distrikta, som så blir tvinga til å delta i "Dødslekene". Leikane er ei TV-hending der deltakarane, kalla "tributtar", må kjempe til døden i ein farleg utandørs arena til det berre står éin igjen. Formålet med Dødslekene er å gje underhaldning til Capitol sine innbyggjarar og for å åtvara distrikta mot Capitol si makt og minna dei på si mangel på anger.

Filmatisering

Rettane til Dødslekene-filmane tilhøyrer Lionsgate Entertainment. Dødslekene kom ut 23. mars 2012, og Opp i flammer kom ut 22. november 2013. Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dødslekene» frå , den 26. juli 2012.

Denne artikkelen bygger på «The Hunger Games» frå , den 16. juli 2012.

Bakgrunnsstoff

U.S. Scholastic Nettstad thehungergames.co.uk

Kategori:Dødslekene-serien