Sven-Åke Lundbäck () er ein svensk tidlegare langrennsløpar frå Töre i Norrbotten, og seinare idrettslærar i Luleå. Han vart olympiameister på 15 km i 1972 og verdsmeister på 50 km i 1978, siste gongen gjekk han også på det svenske stafettlaget som vart verdsmeistrar.
Lundbäck vann verdscupen i langrenn 1978 og vart sesongen etter nummer tre i same. Han tevla for Bergnäsets AIK og vart svensk meister ti gongar mellom 1971 og 1978.
Karriere Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap Vinter-OL 1972 i Sapporo: Gullmedalje på 15 km Ski-VM 1974 i Falun: Nr 4 på 50 km og nr 7 på 15 km Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Nr 16 på 50 km Ski-VM 1978 i Lahti: Gullmedalje både på 50 km og 4x10 km stafett, samt fjerdeplassar på 15 km og 30 km Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Nr 8 på 50 km
Gullmedaljar i svenske meisterskap 1971: 30 km 1975: 30 km 1976: 15 km, 30 km og 50 km 1977: 30 km og 50 km 1978: 15 km, 30 km og 50 km
Lundbäck sigra i Vasaloppet i 1981.
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Denne artikkelen bygger på «Sven-Åke Lundbäck» frå , den 17. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980