Kjell Inge Røkke () er ein norsk finansmann og ein av dei rikaste i Noreg. Han eig holdingselskapet TRG Holding, som er største aksjonær i det børsnoterte industrikonsernet Aker ASA med 66,66 prosent av aksjane. Gjennom eigarandelen i Aker ASA har Røkke avgjerande kontroll i Aker Solutions ASA (tidlegare Aker Kværner), Aker Seafoods, Aker American Shipping, Aker Material Handling og Aker Capital. Aker ASA har også ei minoritetsinteresse i Aker Drilling.

Røkke vart i 2007 rangert som den fjerde rikaste personen i Noreg med ein formue på 19,8 milliardar kroner av Kapital.Kapitals 400 rikeste på Hegnar.no. Røkke har dysleksi, men meiner sjølv at det har hjelpt han til å kome dit han er i dag.«Lønnsom dysleksi» av Anna Sandvig Brander på E24.no (08.12.2007). Han er opphavleg fiskar av yrke.

Den internasjonale tydinga til Røkke vart understreka då finansmannen møtte den dåverande tyske forbundskanslaren Gerhard Schröder nok ein gong då denne vitja Noreg i september 2004. Røkke er gjennom konsernet Aker Kværner ein av dei viktigaste arbeidsgjevarane på den tyske austersjøkysten.

Røkke vart tildelt Peer Gynt-prisen i 2006.

Røkke er gift med Anne Grete Eidsvig og budde på Skøyen i Oslo, frå 2010 på halvøya Løkenes i nærleiken av Konglungen i Asker kommune.

Kjelder «Røkke, Kjell Inge» av Trond Smith-Meyer i Norsk biografisk leksikon; bind 7, Njøs–Samuelsen (Oslo: Kunnskapsforlaget, 2003) (www)

Referansar

Røkke, Kjell Inge Røkke, Kjell Inge Kategori:Norske investorar Kategori:Norske rikfolk