Georg Arnfinn Andersen () er ein norsk politimann og tidlegare kulestøytar og diskoskastar frå Arendal. Han vann bronsemedaljen i kulestøyt under EM i friidrett 1990. Mellom 1987 og 1995 vart han fire gongar noregsmeister i kulestøyt, både i 1988 og 1990 fekk han kongepokalen for beste prestasjon under meisterskapen. I sine år som friidrettsutøvar representerte han både Idrettsklubben Grane, Idrettsklubben Tjalve og Urædd. Han er far til friidrettsutøvaren Stian Andersen.
Aktiv Andersen deltok i fleire internasjonale meisterskap frå 1986 av. Etter gode plasseringar i innandørsmeisterskap, tok han bronsemedaljen under EM i friidrett i Split på seinsommaren 1990. Med eit kast på 20,71 m var han nær sitt toppnivå og kunne lite gjere med austtyskarane Ulf Timmermann og Oliver-Sven Buder.
Under VM i friidrett 1991 i Tokyo vart Andersen tildelt sølvmedaljen i kulestøyt, men mista medaljen då han testa positivt for doping. Den positive testen på anabole steriodar kom etter ei prøve han gav over ein måned før VM-tevlingane i Tokyo.
Han gjorde comeback etter at utestenginga var over og kvalifiserte seg til VM i Göteborg i 1995, men makta ikkje kvalfisere seg til finalen. Etter 1996-sesongen la han opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1986: Nr 10 i kulestøyt OL 1988: Nr 10 i kulestøyt EM 1990: Bronsemedalje i kulestøyt VM 1991: Diskvalifisert frå sølvplass i kulestøyr EM 1995: Utslått i kvalifiseringa
Medaljar norske meisterskap 1983: Bronse i diskos 1984: Bronse både i kule og i diskos 1985: Sølv i diskos 1986: Sølv i diskos og bronse i kule 1987: Gull i kule og bronse i diskos 1988: Gull i kule; kongepokal for vinnarstøytet på 20,63 m 1989: Sølv i kule 1990: Gull i kule; kongepokal for vinnarstøytet på 20,80 m 1995: Gull i kule
Sin personlege rekord i kulestøyt på 20,86 meter sette Andersen i Malmö i 1990, men innandørs har han støytt 20,98 m. Hans pers i diskoskast er på 62,10 meter og frå 1986.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Georg Andersen» frå , den 21. juli 2012. Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske kulestøytarar Kategori:Norske diskoskastarar Kategori:Norske politifolk Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Dopingsaker i friidrett Kategori:Folk frå Arendal