Østjylland er den austlege delen av halvøya Jylland med Aarhus som den største byen.
Østjylland har aldri vore ein administrativ region. Området er tradisjonelt avgrensa mot nord av Mariager Fjord og mot sør av Kolding Fjord eller grensa til Sønderjylland. Andre grenser er meir uklare. Grensa mot Vestjylland går tradisjonelt ned gjennom Jylland langs hovedvej 13, tidlegare hærvejen, og den jyske højderyg, der den omtrent følger grensa mellom dialektene østjysk og vestjysk.
Østjylland overlappar delvis med dei nyare omgrepa Midtjylland og Sydjylland. Nokre oppfattar såleis Silkeborg (og især Viborg) som Midtjylland, andre som Østjylland eller som begge delar. Mot sør vil langt dei fleste rekne Horsens til Østjylland, medan Vejle og Kolding kan bli rekna til Øst- og/eller Sydjylland.
Endeleg kan ein i geografisk forstand tale om ein østjysk landskapsform og købstadstype, som strekker seg frå Hobro til Egernførde og Kiel.
Det tidlegare Århus Amt, omtrent svarande til Århus Stift, var identisk med dekningsområdet for TV 2/Østjylland og Østjyllands Radio frå DR.
Kommunar Kommunar i dekkingsområdet for TV 2/Østjylland og Østjyllands Radio. Kommune Innbyggjartal (2. kvartal 2019)Statistikbanken Areal km² TettleikAarhus kommune345 545468738Randers kommune97 898800122Silkeborg kommune93 340864108Horsens kommune90 648542167Skanderborg kommune62 144436143Favrskov kommune48 32053990Syddjurs kommune42 86269662Norddjurs kommune37 61372152Odder kommune22 696225101Samsø kommune3 67211432Total844 7385 405161 5
Byregion Østjylland mini|Dei 17 kommunane i Byregion Østjylland
I Landsplanredegørelsen for 2006 frå Miljøministeriet stod det:
Østjylland er ved at udvikle sig til et sammenhængende område med stor befolkningstilvækst og arbejdsdeling mellem byerne i bybåndet, der strækker sig fra Kolding til Randers. Ja, man kan endda på sigt se konturerne af en ny millionby i Danmark.Miljøministeriet 2006 - Landsplanredegørelse 2006: Det nye Danmarkskort - planlægning under nye vilkår, s. 20
Dette vart grunnlaget for at omgrepa Den Østjyske Millionby, Byregion Østjylland og Det østjyske bybånd vart skapt. Kommunane i området danna ei styringsgruppe og stod i 2008 bak «Vision Østjylland», der Aarhus vart omtalt som ein by med svake teikn på verdsbystatus i likskap med f.eks. Antwerpen, Glasgow, St. Petersborg og Torino.Styregruppen for projekt Byudvikling i Østjylland, 20. august 2008 - Vision Østjylland, s. 6
Infrastrukturkommissionen hadde i sin rapport òg fokus på området og samanlikna den noverande situasjonen i Østjylland med situasjonen i hovedstadsområdet før den første fingerplan.Infrastrukturkommissionen, januar 2008 - Danmarks Transportinfratruktur 2030, s. 233
Kjelder
Bakgrunnsstoff Befolkningsopgørelser i Region Midtjylland http://www.trafikdage.dk/doks/endeligtpaper/tdpaper107.pdf http://jp.dk/indland/aar/article1226851.ece
Kategori:Jylland Kategori:Dansk geografi