Hisøy kyrkje ligg på Hisøy i Arendal kommune i Agder og er soknekyrkje for Hisøy sokn.

Dette er ei krosskyrkje i empire frå 1849 som vart oppført etter teikningar av Gustav Adolph Lammers. Kyrkja er i tømmer og har 500 plassar. Ho har aksialt plassert tårn med to kyrkjeklokker frå Sundsvall i Sverige. Dei er frå 1849 og har innskrifta «Hiisøe Kirke 1849» og «Gjuten af A.P. Linderberg i Sundsvald».

Altartavla er måla av Christen Brun frå Bergen og har motivet «Jesus i Getsemane». Ho er frå 1861. Både preikestolen og døypefonten er i tre frå 1849 og er skåre av Torkildsen. Orgelet er relativt nytt, frå 1982, og kjem frå Bruno Christensen.

Kyrkja har eit votivskip frå 1860, etter tradisjonen er dette fregatten Himalaya. Votivskipet er i verkelegheita kjøpt frå utlandet i 1860 og er ein klipparmodell.

Kjelder

Kirkeskip, Hisøy kirke frå DigitaltMuseum

Bakgrunnsstoff

Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Arendal Kategori:Kulturminne i Arendal Kategori:Kyrkjer i Arendal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1849