mini|Eit utval pinsettar Pinsett (frå fransk pincette, diminutiv av pince, 'tong, klype') er ei lita klype med fjørande armar. Endane av armane kan vera flate eller spisse. Reiskapen vert nytta til å gripe med, slik at ein kan plukke opp små objekt som fingrane elles ikkje klarar å få tak i, å ta tak i ting som ein ikkje skal setje fingermerke på, som til dømes verdfulle frimerke til frimerkesamlingar, eller for gripe objekt som er for varme, eller på annan måte ikkje er til å ta i med fingrane.
Pinsettar vert laga av stål, plast eller anna høveleg materiale. Dei er i prinsippet utforma som ei gripeflate i eine enden av kvar av to parallelle stenger som er festa til kvarandre i den andre enden. Festet er fjørande på ein måte som gjer at gripeflatene på pinsetten ikkje klemmer mot kvarandre utan at ein presser pinsetten saman med fingrane.
Pinsettar vert laga i ulike former og storleikar etter kva dei skal nyttast til. Dei kan vere små reiskapar til å nappe ut uønskte hår og augebryn med, for å plukke opp små skruar med og så bortetter, eller kan vere større reiskapar nytta i matlaging for å nappe ut bein av fiskefiletar eller for vende kjøtstykka i steikepanna eller på grillen. Lækjarar og tannlækjarar nyttar òg pinsettar av ymse utformingar og storleikar i arbeidet med pasientane.
Kjelder
Pinsett frå SNL
Denne artikkelen bygger i utgangspunktet på «Pinsett» frå , den 23. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Verktøy Kategori:Kjøkenutstyr Kategori:Medisinsk utstyr Kategori:Franske ord og uttrykk