Kristine Lunde-Borgersen () er ein norsk handballspelar frå Kristiansand, som sidan 2010 har spela for Våg Vipers. Ho har vunne tre EM-gull, eitt OL-gull og eitt VM-gull for Noreg. Dessutan har ho to gull frå meisterligaen, tre danske seriegull og to danske cupgull med Viborg. Mellom 2001 og august 2012 har ho spela 169 landskampar og skåra 482 landslagsmål for Noreg.

Katrine Lunde Haraldsen er tvillingsystra hennar.

Aktiv Kristine Lunde spela for Våg i norsk toppserie frå 1999? til 2004. Ho debuterte på Noregs landslag 24. mars 2001 i ein kamp mot Tyskland. Sidan har ho fram til juli 2012 spela 161 landskampar og skåra 466 mål. Under EM 2008 vart ho kåra til meisterskapens beste «playmaker». Mellom 2001 og 2011 vann ho VM-sølv i 2001, EM-gull både i 2004 og 2006, OL-gull og EM-gull i 2008, VM-bronse 2009 og VM-gull i 2011, samt sitt andre OL-gull i 2012.

Lunde vart i 2004 kåra til «Årets spelar» i Noreg. Ho og systra Katrine reiste same året til Danmark. Der spela ho tre sesongar for klubben Aalborg DH, og sidan like lenge for Viborg. Gjennom desse seks åra var ho med å vinne to meisterligatitalar, tre seriegull og to cupgull, alle med Viborg.

Merittar landslag VM 2001: Sølvmedalje etter 25–30 mot Russland VM 2003: Nr 6 med Noreg EM 2004: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2005: Nr 9 med Noreg EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland OL 2008 i Beijing: Gull etter norsk siger 34-27 over Russland EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012 i London: Gullmedalje etter norsk siger 26-23 over Montenegro EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro

Merittar klubblag 2003: Bronse i serien med Våg Vipers 2005: Sølv i serien med Aalborg DH 2006: Bronse i serien med Aalborg DH 2007: Bronse i serien med Aalborg DH 2007/8: Cupgull og seriegull med Viborg 2008/9: Cupgull og seriegull med Viborg, samt vinnar av Meisterligaen 2009/10: Seriegull og siger i Meisterligaen med Viborg

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kristine Lunde-Borgersen» frå , den 23. juli 2012.

Bakgrunnsstoff Handballforbundet si landskamspoversikt

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Norske handballtrenarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2004 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2006 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2008 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2001 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2003 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2005 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2009 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Folk frå Kristiansand