Chien-Shiung Wu () var ein kinesisk-amerikansk fysikar med ekspertise i teknikkar innan eksperimentell fysikk og radioaktivitet. Wu jobba på Manhattanprosjektet (i prosessen for å berike uran til det spaltbare materialet 235U), og utførte tidleg eksperiment som motsa den hypotetiske «lova om bevaring av paritet». Ho hadde kallenamnet «fysikkens førstedame» , «den kinesiske Marie Curie» og «Madame Wu». Ho døydde etter å ha fått det andre hjerneslaget sitt den 16. februar 1997, i ein alder av 84 år.

Ho studerte i USA frå 1936 og vart i 1944 tilknytt Columbia University. Ho var professor der frå 1957 til 1981.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chien-Shiung Wu» frå , den 25. juli 2012.

Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Kinesiske fysikarar Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Kinesisk-amerikanarar Kategori:Wolfprisen i fysikk Kategori:Folk frå Jiangsu Kategori:Medlemmar av American Physical Society Kategori:Medlemmar av Det kinesiske vitskapsakademiet Kategori:Kvinnelege fysikarar