The Yes Album er det tredje albumet til det engelske progressiv rock-bandet Yes. Dette er det første albumet der gitaristen Steve Howe medverkar. Albumet vart gjeven ut i februar 1971 i Europa og i mars same år i USA. Dette albumet vart det store gjennombrotet til bandet, og vart hylla av platekjøparar så vel som kritikarar. Dette er òg det siste albumet Tony Kaye medverkar på, før kom attende til bandet 12 år seinare på albumet 90125.
Albumet kom på 40. plass på Billboard 200 i USA, og på fjerdeplass på UK Albums Chart i Storbritannia.UK Albums Chart: Yes – The Yes Album
Bakgrunn The Yes Album vart nettopp det albumet plateselskapet ynskte seg etter den labre interessa for bandet sine to første album. Innspelingane vart gjort i studioet Langley Studios i Devon i England, og Steve Howe likte seg så godt der at han seinare kjøpte huset med tilliggande landområde, og han bur framleis der.
Òg på dette albumet er førenamnet til Jon Anderson stava «John» men for siste gongen sidan alle dei påfølgjande albuma brukar staveforma «Jon». På coveret er det eit bilete av bandet, og ein kan sjå Tony Kaye med gips på det eine beinet. Dette på grunn av at han kort tid før fotografiet vart teke var innblanda i ei mindre bilulykke.
Under den påfølgjande turneen var bandet Strawbs med som oppvarmingsband. Klaverspelaren i Strawbs var den unge og særs lovande Rick Wakeman, som med sitt virtuose spel på alle sine ulike tangentinstrument trekte til seg merksemd frå alle, Yes-medlemmane inkludert.
Etter turneen fekk Kaye sparken fordi han berre motvillig gjekk med på å spele på Moog-synthesizer og generelt nekta å ta i bruk moderne synthesizer og Mellotron, og ynskte berre å spele piano og Hammondorgel. Dermed tok Yes kontakt med Wakeman, som under tvil godtok å møte på ei øving. Få dagar seinare vart han presentert som den nye klaverspelaren i Yes.
Utgjeving I 2000 plasserte magasinet Q albumet på 86. plass på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.
Innhald
Medverkande Jon Anderson (skriven «John Anderson» på originalutgjevinga) – vokal Chris Squire – bass, vokal Steve Howe – elektrisk og akustisk gitar, vihuela, vokal Tony Kaye – piano, Hammondorgel, Moog synthesizer Bill Bruford – trommer, perkusjon Colin Goldring – blokkfløyter på «I've Seen All Good People»
Ny-utgjevingar 1988 – Atlantic – CD 1994 – Atlantic – CD (Remaster) 2001 – Japansk Limited Edition 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Yes Album» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene: The Yes Album, CD-notater fra innercover av Bill Martin, 2003 AllMusicGuide.com Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002 Yes Lyrics: The Yes Album Prog Archives: The Yes Album
Kategori:Yes-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av Eddie Offord