Tales from Topographic Oceans er det sjette studioalbumet frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i desember 1973 i Europa og i januar 1974 i USA. Det er eit konseptalbum basert på fotnotane frå dei shastriske skriftene i Paramahansa Yogananda-boka Autobiography of a Yogi. Det er hovudsakleg Jon Anderson og Steve Howe som står for tekstane, som dei skreiv i løpet av Close to the Edge-turneen.

Albumet kom på sjetteplass på Billboard 200 i USA, toppen av UK Albums Chart i StorbritanniaUK Albums Chart: Yes – Tales from Topographic Oceans og på åttandeplass på VG-lista topp 40 i Noreg.VG-lista: Yes

Bakgrunn Dette er det mest omdiskuterte albumet til Yes, då både kritikarar og publikum var særs delte i synspunkta på det. Det verkar som dei fleste meiner det har sine lyspunkt, men er for overdrive og pompøst. Atter andre meiner det er eit komplett meisterverk. Trass i hovudsakleg negativ omtale i pressen, selde albumet til gull på rekordtid i både Storbritannia og i USA.

Rick Wakeman var av dei som ikkje likte retninga bandet hadde teke, og slutta etter den påfølgjande turneen. Han var av den oppfatninga at det var mykje god musikk, men alt for mykje «dødtid» og musikalske «flisespikkeri». Sjølv om albumet vart varierande og ofte negativt omtalt, har bandet gjennom åra stadig vekk funne plass til minst ein komposisjon frå dette albumet på konsertane sine.

Utgjevinga frå 2003 har ei lengd på 83:42 minutt, mot 81:15 på originalutgjevinga. På originalutgjevinga klipte ein ned introen til «The Revealing Science of God», men denne vart lagt inn att på 2003-utgjevinga slik at låten no framstår i si heile og fulle lengd.

Innhald

2003-utgåva

Medverkande Jon Anderson – vokal Chris Squire – bass, vokal Steve Howe – gitarer, vokal Rick Wakeman – keyboard Alan White – trommer, perkusjon

Ny-utgjevingar 1988 – Atlantic – CD 1994 – Atlantic – CD (Remaster) 2001 – Japansk Limited Edition 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tales from Topographic Oceans» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene: Tales from Topographic Oceans, CD notater fra innercover av Mike Tiano, 2003 Allmusic.com Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, c.2002 Tekstene fra Tales From Topographic Oceans Jon Anderson-intervju i The Guardian om Topographic Oceans

Kategori:Yes-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Konseptalbum Kategori:Plateomslag av Roger Dean Kategori:Album produserte av Eddie Offord Kategori:Atlantic Records-album