90125 er det ellevte studioalbumet fra det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i november 1983. Dette er det første albumet frå bandet sidan oppløysinga i 1980, og det første der multi-instrumentalisten Trevor Rabin medverkar. Jon Anderson er tilbake, og Tony Kaye er òg tilbake for første gongen sidan albumet The Yes Album i 1971.

Albumet kom på femteplass på Billboard 200 i USA, 16. plass på UK Albums Chart i StorbritanniaUK Albums Chart: Yes: 90125 og på 8. plass på VG-lista topp 40 i Noreg.VG-lista: Yes

Bakgrunn Albumet representerer eit markant brot med den tidlegare progressive musikken, og består hovudsakleg av rock og pop-basert musikk. Tittelen 90125 viser til katalognummeret på albumet hos plateselskapet.

Tidleg i 1983 heitte bandet ikkje Yes, men Cinema, og bestod av Trevor Rabin, Chris Squire og Alan White. Først seinare i prosessen fekk ein med seg dei tidlegare bandmedlemmane Jon Anderson og Tony Kaye, og då dei var på plass skifta bandet namn frå Cinema til Yes. Bandnamnet som måtte vike «minnest» på instrumentalen «Cinema», som òg vann ein Grammy i 1983 i klassa Årets Rock Instrumental.

Tidlegare vokalist i Yes, Trevor Horn, vart opphavleg spurt om han ynskte å fortsetje som vokalisten til bandet men takka nei. Han takka derimot ja til å produsere albumet, som inneheld den største kommersielle hitten til bandet, «Owner of a Lonely Heart».

Innhald

Medverkande Jon Anderson: vokal Chris Squire: bass, vokal Trevor Rabin: gitarer, keyboard, vokal Tony Kaye: keyboard Alan White: trommer, perkusjon, vokal Trevor Horn: støttevokal (ukreditert)

Salslister Liste (1983) Plassering

Salstrofé

Ny-utgjevingar 2004 – Rhino CD (Remaster med bonus-spor)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «90125» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene: 90125, CD notat på innercover av Brian Ives, 2004. Allmusic.com Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002 Album Rock Tracks 1981-1995, Joel Whitburn 1996

Kategori:Yes-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Atco Records-album Kategori:Album produserte av Trevor Horn