Keys to Ascension er eit dobbelalbum og ein konsertfilm frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i oktober 1996. Albumet er hovudsakleg eit konsertalbum, men inneheld to nye studioinnspelingar. For første gongen sidan 1978 med albumet Tormato, gav Jon Anderson, Chris Squire, Steve Howe, Rick Wakeman og Alan White offisielt ut nye studioinnspelingar saman.

Albumet kom på 99. plass på Billboard 200 i USA og på 48. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.UK Albums Chart: Yes – Keys to Ascension

Bakgrunn

Dei sju første spora på albumet er konsertopptak frå Edward's Fremont Theatre i San Luis Obispo i California, der bandet spelte tre konsertar 4.-6. mars 1996. Føremålet med dette var at dei ville spele inn live men under kontrollerte former for best mogleg resultat. Fleire opptak frå dei same konsertane vart utgjeve på dobbelalbumet Keys to Ascension 2 i 1997. Dei siste to spora på albumet er nye studioinspelingar, innspelt mellom hausten 1995 og våren 1996.

Konsertane vart òg filma og vart i 2001 utgjeve på DVD under same tittel.

Sporliste - CD CD 1

Sporliste - DVD «Siberian Khatru» «Close to the Edge» «I've Seen All Good People» «Time and a Word» «And You And I» «The Revealing Science of God» «Going for the One» «Turn of the Century» «America» «Onward» «Awaken» «Roundabout» «Starship Trooper»

Medverkande Jon Anderson – vokal, harpe, gitar Chris Squire – bass (pikkolobass på «Be the One»), vokal Steve Howe – gitarer, vokal (6-strengers bass på «Be the One») Rick Wakeman – keyboard Alan White – trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Keys to Ascension» frå , den 29. juli 2012. oppgav desse kjeldene: Allmusic.com Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002

Kategori:Yes-album Kategori:Konsertalbum frå 1996 Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Plateomslag av Roger Dean Kategori:Doble konsertalbum