Kristenretten (etter norrønt kristinn réttr) var nordiske mellomalderlovar knytte til kyrkelege forhold. Han tok for seg skipnaden av kyrkja, tilhøvet mellom kyrkja og samfunnet elles, og korleis ein skulle hanskast med brot på dei moralske boda til kyrkja etter lovene i staten.
Den fyrste kristenretten i Noreg skal ha vore skipa i stand av kong Olav den heilage og bisp Grimkjell, og teken ved på Mostratinget på Moster på Bømlo i 1024. Den eldste kristenretten som er teken vare på finn ein i Gulatingslova, som er mykje yngre. Kjelder
Kategori:Norsk rettshistorie Kategori:Norrøn tid i Noreg Kategori:Kyrkjehistorie