Kronprins Pavlos av Hellas () er titulær kronprins av Hellas og prins av Danmark. Han er den eldste sonen til kong Konstantin II av Hellas og dronning Anne-Marie av Hellas.
Etter at det greske monarkiet vart avskaffa i 1973 levde kongefamilien i eksil i England. Konstantin II vart ikkje konge att, og etter hans død vart Pavlos dimed tronpretendent. Om kronprins Pavlos hadde vorte konge ville han hatt tittelen Pavlos II av Hellas.
Sjølv om det greske monarkiet er avskaffa – og Hellas framleis er ein republikk – vil medlemmene i kongefamilien likevel framleis ha mogelegheita til å halda på titlane sine jamfør mellomstatlege semjer inngått i Wien i 1815. Dei greske titlane er likevel berre symbolske, medan dei danske titlane er anerkjend internasjonalt.
Pavlos er gift med Marie-Chantal Miller, seinare kronprinsesse av Hellas. Paret har fem born: Maria Olympia av Hellas og Danmark Konstantin Alexios av Hellas og Danmark Achileas Andreas av Hellas og Danmark Odysseas-Kimon av Hellas og Danmark Aristidis Stavros av Hellas og Danmark
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pavlos av Hellas» frå , den 2. august 2012.
Bakgrunnsstoff
Pavlos av Hellas i The Greek Royal Family Kronprins Pavlos i gravferda til Konstantin II i Det danske kongehus.
Kategori:Kongelege frå Aten Kategori:Greske kronprinsar Kategori:Danske prinsar Kategori:Prinsar av Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg Kategori:Elefantordenen