Stádio Jórgos Karaïskákis (gresk Στάδιο Γεώργιος Καραϊσκάκης), tidlegare Podilatodrómio Néou Falírou (gresk Ποδηλατοδρόμιο Νέου Φαλήρου), er eit fotballstadion i Pireus, sørvest for Aten, i Hellas. Stadionet stod ferdig i 1895 og vart høgtidleg opna i 1896 som ein velodrom og sportsarena under namnet Podilatodrómio Néou Falírou. Arenaen vart renovert på 1960-talet og på 14 månader i 2003 og 2004 vart han riven og bygd opp att. Han er heimebane for Olymbiakós Sýudosmos Filáthou Peiraiós.
Velodromen var arena for sommar-OL 1896 og det nye stadionet vart akkurat klart til sommar-OL 2004.
Kjelder
Kategori:Skipingar i 1896 Kategori:Fotballstadion i Hellas Kategori:Arenaer under sommar-OL 1896 Kategori:Arenaer under sommar-OL 2004 Kategori:Olympiske sykkelarenaer Kategori:Olympiske fotballarenaer