Kaupanger er ei bygd, ein tettstad og eit sokn i Sogndal kommune i Vestland. Tettstaden har .
mini|venstre|Kaupanger stavkyrkje mini|venstre|Sognefjorden sett frå fjellet Storehaugen, Amlabukti til venstre. Kaupanger er mellom anna kjend for Kaupanger stavkyrkje, bygd på midten av 1100-talet. På Kaupanger ligg også museet De Heibergske Samlinger, Kaupanger ferjekai og Sogndal lufthamn, Haukåsen.
Kaupanger vart i mellomalderen ein handelstad, ein kaupang, av dette kjem namnet.
Delområde Kaupanger delområde femner austre delen av Sogndal kommune, det vil seie området på austsida av Norefjorden, med unntak av grunnkrinsen Fimreite som høyrer til Norum delområde. Ved folketeljinga i 2001 budde det 2122 personar i delområdet, fordeld på 724 i grunnkrinsen Barsnes/Loftnes/Kjørnes, 562 i grunnkrinsen Valberg/Skogen og 836 i grunnkrinsen Kaupanger. I grunnkrinsen Haukåsen budde det ingen.SSB: «Folke- og boligtellingen 2001, kommune- og bydelshefter 1420 Sogndal»
Kyrkjesokn Kaupanger er òg eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Kaupanger stavkyrkje er soknekyrkje.
Bakgrunnsstoff Kong Sverre brende Lusakaupang på NRK fylkesleksikon
Kjelder SSB: Kart som viser tettstader, delområde og grunnkrinsar i Sogndal kommune
Fotnotar
Kategori:Busetnader i Sogndal Kategori:Bygder i Vestland Kategori:Tettstader i Vestland Kategori:Sokn i Indre Sogn prosti