Kvarven er ein gard på Selsøyo i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Han høyrte inntil 1990-talet til Fitjar kommune. Garden grensar til Eidet i aust og Torgjo i nord. I vest ligg Brandasund på Gisøyo, medan øya Vikøyo ligg i sør.

Garden på øya var opphavleg husmannsplass under Brandasundet og den første husmannen der er nemnd i 1668.

Namn Namnet på garden er nytta om eit nes som stikk ut i skipsleia som ferdselen må svinga rundt. Den same tydinga har til dømes Kvarven i Bergen.

Gardsnamnet vart skrive Qvarven i 1720, Qvarvøen i 1732, Kværnes i 1780, Qværven og Qvarven i 1838, og sidan 1890 Kvarven.

Kjelder

Kategori:Gardar på Bømlo Kategori:Fitjarøyane