mini|Nordaustsida av Kekova sett frå Kaleköy (antikkens Simena). mini|Ruinar under vatn ved Kekova Kekova, òg kalla Caravola, er ei lita tyrkisk øy nær Demre i provinsen Antalya som vender mot landsbyane Kaleköy (i antikken Simena) og Üçağız (i antikken Teimioussa). Kekova har eit areal på 5,7-10,07 km² og er ikkje busett.
Etter at Italia okkuperte Kastelorizo vart Kekova — som på denne tida var mellombels busett om sommaren for skoghogst — omstridd mellom Italia og Tyrkia. I 1932 vart øya gjeven attende til Tyrkia.
På norsida av øya ligg ruinane av Dolchiste/Dolikisthe, ein by frå antikken som vart øydelagd av eit jordskjelv på 100-talet og er i dag delvis under vatn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kekova» frå , den 6. august 2012.
Bakgrunnsstoff Turistinformasjon Informasjon og bilete av Kekova Antalya.gov.tr Historisk info
Kategori:Øyar i Tyrkia Kategori:Antalya Kategori:Den tyrkiske rivieraen