Dei kilikiske portane eller Gülekpasset er ein fjellovergang gjennom Taurusfjella mellom dei låge slettene i Kilikia og Anatolia-platået, via ei smal kløft som Gökolukelva renn gjennom. Det høgaste punktet er kring 1000 meter over havet.W.L. Williams, Armenia, p. 8-11, quoted in Josephus Nelson Larned, The new Larned History for ready reference, reading and research s.v. "Armenia" full text

Dei kilikiske portane har vore viktige transportvegar for handel og militæret i tusenvis av år.William Mitchell Ramsay, The historical geography of Asia Minor, 1890, passim full text Tidleg på 1900-talet vart det bygd ein smalsporsjernbane gjennom passet og i dag går Tarsus-Ankara-egen (E90, O-21) gjennom dei.

Sørenden av Dei kilikiske portane er om lag 44 km nord for Tarsus og nordenden fører til Kappadokia.

Historie Yumuktepe (dagens Mersin), som vaktar Adanasida av passet, er frå 4500 fvt. og er ein av dei eldste festningsbusetnadane i verda. I antikken drog både hittittane, grekarane, Aleksander den store, romarane, mongolane og krossfararane over passet under felttoga sine. Bibelen skriv at heilage Paulus av Tarsus og Silas reiste denne vegen gjennom Syria og Kilikia.

Då tyske ingeniørar arbeidde på jernbanelinja mellom Haydarpaşaterminalen i Istanbul, ved breidda av Marmarahavet, og Bagdad, klarte dei ikkje å følgje den gamle vegen over passet. I staden måtte dei byggje ei rekkje viaduktar og tunnelar, noko som vert rekna som ein av dei store underverka i jernbanebygging. Ruta opna i 1918 og linja transporterte osmanske tropper og krigsmateriell til fronten i Mesopotamia i dei siste månadane av første verdskrigen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cilician Gates» frå , den 7. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Livius.org: Cilician Gate Railroad engineering through the Cilician Gates

Kategori:Kilikia Kategori:Fjellovergangar i Tyrkia Kategori:Provinsen Mersin