Greatest! er den fjerde plata til countryartisten Johnny Cash. Plata vart sleppt på Sun Records 12. januar 1959 og var den tredje plata hans hjå Sun, som han hadde forlate i 1958 til fordel for Columbia Records. Når plata vart sleppt hadde Cash allereie spelt inn The Fabulous Johnny Cash, hans fyrste album hjå Columbia. Songane på Greatest! var spelt inn mellom juli 1955 og juli 1958. Seks av songane vart utgitt som singlar. Av desse steig "Get Rhythm" til topps på countrylistene og vart den mest populære låten. Albumet vart gitt ut på ny av Varèse Sarabande 6. mai 2003 med fire bonusspor, der to av desse var alternative versjonar av songar på plata.

Innhald

Bonusspor

Listeplassering Singlar - Billboard (Nordamerika) ÅrSingelHitlistePosisjon1958"Just About Time"Country Singles301959"Thanks a Lot"Country Singles121959"Luther Played the Boogie"Country Singles81959"Katy Too"Country Singles111959"Cry Cry Cry"Pop Singles661959"Goodbye Little Darlin' Goodbye"Country Singles221959"Get Rhythm"Country Singles1

Kjelder Denne artikkelen bygger på «:en:Greatest!» frå , den 20. desember 2011.

Kategori:Musikkalbum frå 1959 Kategori:Johnny Cash-album Kategori:Album produserte av Sam Phillips Kategori:Sun Records-album Kategori:Countryalbum