Kelkit Irmağı eller Kelkit Çayı (latinsk Lycus) er ei elv i Svartehavsregionen i Tyrkia. Ho er den lengste sideelva til Yeşilırmak.
Elva spring ut i provinsen Gümüşhane og renn gjennom provinsane Erzincan, Giresun, Sivas og Tokat før ho munnar ut i Yeşil ved den moderne landsbyen Kızılçubuk, nær staden der den antikke byen Eupatoria låg.
Om lag 150 km av elva, frå Suşehri til Reşadiye og Niksar, følgjer den nordanatoliske forkastinga.Aykut Barka, "North Anatolian Fault Field Trip Report", Southern California Earthquake Newsletter (online version), 3:4 full text.
I den greske antikken gjekk ein viktig veg frå aust til vest langs Kelkitdalen frå Veslearmenia til Bithynia.B. C. McGing, The Foreign Policy of Mithridates VI Eupator, King of Pontus (Mnemosyne Ser.: Suppl. 89), 1997. ISBN 90-04-07591-7. s. 6 f.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kelkit River» frå , den 11. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Tyrkia