Xbox Live (varemerkeverna som Xbox LIVE"Microsoft Trademarks") er ei direktekopla leveringsteneste for fleirspelarmodus spele- og digitale medium. Tenesta er oppretta av og vert driven av Microsoft Corporation og er for tida den einaste direktekopla speletenesta for konsollar der brukarar må betale for å spele fleirspelarmodus gaming. Tenesta var fyrst tilgjengeleg for Xbox-konsollen i november 2002. Ein oppdatert versjon var tilgjengeleg for Xbox 360-konsollen etter at systemet blei lansert i september 2005. Tenesta er ein konkurrent til Sonys PlayStation Network.

Tenesta var utvida i 2007 for Windows-plattforma, og vart kalla Games for Windows – Live , noko som gjer dei fleste aspekt av systemet tilgjengeleg på Windows-maskinar. Microsoft har annonsert planar om å utvide live til andre plattformer, til dømes mobiltelefonar, som ein del av Live Anywhere-tiltaket."Imagine A Live Anywhere!" På det nye mobile operativsystemet til Microsoft, Windows Phone, er Xbox Live- funksjonen med i Windows-telefonar som vart lansert frå slutten av 2010."Microsoft Unveils Windows Phone 7 Series" Xbox Live vart avslutta for den originale Xbox-konsollen i mai 2010.

Xbox Live er tilgjengeleg som både ei gratis- og abonnementsbasert teneste, kalla Xbox Live Free "Microsoft Renames Xbox Live Silver to 'Xbox Live Free'". og Xbox Live Gold. Gold-tenesta har fleire funksjonar. Før oktober 2010 var gratistenesta kalla Xbox Live Silver."Xbox LIVE Membership | Xbox LIVE Subscription | Join Xbox LIVE"

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Xbox Live» frå , den 12. august 2012.

Kategori:Xbox